Søster ga bror nytt liv i gåve

Då Annbjørg Austbø fekk spørsmålet om ho ville gi ei nyre til broren Håkon, var ho ikkje i tvil. Det ville ho. For Håkon Austbø blei det den største gåva han kunne få.

Håkon og Annbjørg Austbø i sofakroken på Finnøy. – Ho har gitt meg den største gåva eg kunne få, seier Håkon Austbø om søstera.|
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

- Eg er veldig takknemlig for at Annbjørg stilte opp for meg. Viss det ikkje var for henne, ville livet mitt blitt mykje meir problematisk, seier Håkon Austbø til Øyposten.,

67-åringen frå Finnøy hadde i 25 år visst at nyrene ikkje var som dei skulle. Det var ein arveleg defekt han hadde frå mora, som leid av den same nyresvikten.  For henne var det ikkje hjelp å få, det blei oppdaga for seint.

Også for Håkon blei det stadig tyngre å leva med. Det siste året blei han totalt utsliten av den minste anstrengelse. Då er det ikkje enkelt å vera barne- og ungdomsarbeidar i ein barnehage, som han var.

Håkon har omskulert seg frå bonde til fast jobb i Hagatoppen barnehage på Finnøy.

- I fjor sommar sa legane at dei ville utreda meg med tanke på operasjon. Då blei eg beden om å oppgi nær familie som kunne gi meg ei av sine nyrer, seier Håkon Austbø.

Bardus på

Det blei Annbjørg som var den næraste, og ho sa ja utan å tenkja seg særleg lenge om.

- Det kom litt bardus, men eg følte meg frisk og rask og hadde eigentleg ingen sterke motførestillingar. Dessutan visste eg at mange lever godt med bare ei nyre, seier Annbjørg Austbø.

Heller ikkje sambuaren Tor Arne Mikalsen hadde innvendingar. Dei to traff kvarandre på Svalbard, men flytte heim og bygde hus på Finnøy for 14 år sidan. På Svalbard jobba Annbjørg i mange år i gruvene til Store Norske Spitsbergen Kulkompani, og var første jente «under dagen».

-Eg flira litt då «Me Too» stod på som verst, for i gruvene blei eg fort vant med vaksenprat», minnest Annbjørg.

Sjølv om livet på Svalbard blant grovkorna gruvearbeidarar og isbjørnar har herda henne, overgjekk utfordringa ho nå fekk i fanget likevel dette.

Etterpå, når alt var over, fekk ho skriftleg frå sjukehuset eit bevis på kva ho hadde vore med på. Der står det svart på kvitt at ho er ein helt, for operasjonen kunne medføra både risiko og ubehag.

Risiko  

-Alle større operasjonar har ein viss risiko, men eg blei veldig godt tatt vare på og fekk godt forklart kva som skulle skje, seier Annbjørg.

Hadde det vore for nokre år sidan spørs det om Annbjørg kunne blitt donor for bror sin. For dei to har ulik blodtype, og det måtte ein heil sjau til på Rikshospitalet før dei kunne gi klarsignal til operasjon.

-Det er bare 90 før meg nokon gong som har fått nyre frå ein med ulik blodtype, seier Håkon Austbø.

Men onsdag 30. oktober var alt klart.  Legane hadde advart Annbjørg om at ho nok kunne føla seg anspent i førevegen, men ho var heilt roleg. Operasjonen tok eit par timar for hennar del, og fire timar for Håkon sin.

Alt same kvelden var ho oppe og gjekk, og Håkon var også snar om å koma seg ut av senga og på føtene igjen.

 

Den største gåva

Dei to søskena er begge storvegs imponert over kor godt arbeid helsevesenet gjorde med dei begge, og det einaste Håkon har vondt samvit for er kona Åse.

-Alle lurte på korleis det var med meg, men ingen tenkte på korleis det var med henne. For ho har det vore ei tung tid å leva med uvissa og sjå korleis eg hadde det, seier Håkon Austbø.

Nå ser både han og søstera fram mot eit godt nytt år. Annbjørg reknar med å gå tilbake til jobben på Finnøy Blomster om ikkje så lenge, og Håkon skal også tilbake til jobben i barnehagen så snart han er frisk nok.

Pluss-sida oppi alt er også at dei begge nå er gjennomsjekka og funne friske og sunne, begge to. Han har dessutan kunna kasta blodtrykkmedisinene, og slepp eit liv årevis i donorkø med utmattande dialyse tre gonger i veka.

-Det er den største gåva nokon kan få, å få tilbake helsa si, slår Håkon Austbø fast.

Rune Nedrebø

Bilettekst:

Håkon og Annbjørg Austbø i sofakroken på Finnøy. – Ho har gitt meg den største gåva eg kunne få, seier Håkon Austbø om søstera.

Publisert: