Trur fleire vil velja Ombo-Hjelmeland

Kjell Nes frå Ombo trur meir av trafikken til og frå Ombo kjem til å gå over Hjelmeland, som ein konsekvens av den nye Ryfylketunnelen.

Ryfylketunnelen som åpna nyttår, har gitt ein ny mulighet for reisande frå Ryfylke.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

-Spesielt i helgene trur eg nok det kan bli auka trafikk i dette sambandet, seier Nes, som peikar på at ei slik omlegging av reisevanane til og frå Ombo vil ha som konsekvens mindre trafikk og mindre inntekter i bommen i Finnfast.

-Trafikken til Ombo frå Hjelmeland har dessutan forkjørsrett på ferja viss det er kø, påpeikar Nes.

Han utelukkar heller ikkje at den større sikkerheten i Ryfylketunnelen med sine to løp er moment som kan påvirka reisemønsteret.

-Dei som reiser andre vegen må kjøra gjennom tre undersjøiske tunnelar med enkle løp, det betyr tre ganger høgare risiko, seier han.

Kjell Nes held også fram usikkerheten om ferjeprisane i framtida, som ein faktor som kan påvirka kva ferje folk i framtida vil velja når dei skal til eller frå Ombo.

-Uansett vil dette bety dobbel regularitet for oss på Ombo, seier Nes.

Nils-Ove Bjustveit, leiar i Ombo bygderåd, har mindre tru på at det vil bli ein auke av betydning i trafikken Ombo-Hjelmeland som ein følge av Ryfylketunnelen.

-Litt kanskje, folk er forvetne på den nye tunnelen. I helgene kanskje, spesielt på tider av året med mykje trafikk. Men det er løye med vanen, seier Bjustveit.

Publisert: