Gamle epostadresser kan brukast i den nye kommunen

Alle kommunalt tilsette i den nye kommunen har fått nye epostadresser, men dei gamle adressene ifrå Finnøy og Rennesøy kommune kan framleis brukast.

Dei gamle epostadressene til tilsette i Finnøy, fungerer framleis i den nye kommunen
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Det vil i praksis sei at viss Ole Olsen har jobba i Finnøy kommune og hatt adressa ole.olsen@finnoy.kommune.no, vil han fortsett få eposten sin med denne adressa. Men skal ein gjera det heilt rett er adressa: ole.olsen@stavanger.kommune.no

- Så vidt eg veit skal dei gamle adressene aldri slutta å verka, sjølv om den gamle kommunen ikkje lenger eksisterer. Det har å gjera med at innbyggarane skal merka minst mogleg til endringa. Dessutan er det faktisk folk som ikkje klarer å venda seg til nye epostadresser, seier Marton Gundersen i It-avdelinga i kommunen.

Publisert: