Lesarbrev: Øyposten har misforstått

Øyposten har misforstått om dei trudde at hovudpoenget med å gå inn i ein storkommune som Stavanger er at det skal dryssa enormt med midlar eksklusivt på Finnøy. Det har i alle fall eg aldri hatt nokre voldsomme forventningar om, skriv ein lesar i brev til avisa.

Ordførar Kari Nessa Nordtun under nyttårsmottakinga på Ledaal for snart eit år sidan. Øyposten har sett nærare på kva Finnøy og Rennesøy har fått ut av den nye kommunen. (Foto: Rune Nedrebø)
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Har Nye Stavanger hatt ein tung start?

Øyposten har skrive på leiarplass at det har vore ein «tung start» for Nye Stavanger kommune. Når ein ser på kva Øyposten sine klagepunkt reelt sett går ut på, er det vanskeleg å seia seg einig i denne påstanden. Det er også ganske merkeleg at Øyposten kun trekkjer inn nokre få påståtte negative utviklingstrekk, og ikkje nemner dei positive utviklingstrekka som er ganske lette å peika på.

For å ta dei såkalla klagepunkta til Øyposten etter tur, og med fokus på situasjonen her på Finnøy, som eg kjenner best:

Øyposten skriv: «Fritak for eigedomsskatt blei det ikkje noko av». Til dette er det så seia at intensjonsavtalen ikkje gjekk ut på fullt fritak for eigedomsskatt i Finnøy, kun fritak i strøk som ikkje var utbygd på «byvis». Dette vart forstått slik at det framleis skulle vera eigedomsskatt på Judaberg her på Finnøy. Det kan diskuterast kor fornuftig og rettvist det ville vore at folk med vanlege bustader på Judaberg skulle halda fram å betala eigedomsskatt, medan det skulle vore fritak for luksushytter på Sjernarøy.

,Uansett så viste det seg praktisk og juridisk sett veldig vanskeleg å gjennomføra intensjonsavtalen på dette punktet, noko som tydeleg framgår av saksframstillingane frå kommunedirektøren. Så istadenfor vart det eigedomsskatt for heile kommunen, men med ei soneinndeling som vil slå positivt ut for Finnøy kommunedel. Altså har ein forsøkt å følgja opp intensjonsavtalen så langt som råd. Summa summarum ligg vi her på Finnøy an til ein

kraftig reduksjon

både når det gjeld eigedomsskatt og kommunale avgifter, noko Øyposten sjølv har skrive om. Dette vil gjera kvardagen litt lettare for mange familiar og andre husstandar.,

Så at Øyposten presterer å løfta fram eigedomsskattesaka for å underbyggja at det liksom skal ha vore ein «tung start», framstår ganske gåtefullt. Tvert om er utsiktene til kraftig skatte-og avgiftsreduksjon noko av det mest gledelege med den nye storkommunen, då Finnøy kommune hadde utvikla seg til ein kommune med altfor høge levekostnader.

Vidare skriv Øyposten: «Å få Stavanger med på å betala gang og sykkelvegen på Finnøy gjekk heller ikkje.» Eg er einig i at fleirtalspartia burde innteke ei meir offensiv haldning her, når saka først kom opp undervegs i budsjetthandsaminga. Noko særleg tungt ankepunkt mot den nye storkommunen er dette likevel ikkje. Dette sto det ingenting om i intensjonsavtalen. Og hovudansvaret for at saka har utvikla seg som den har, må tidlegare kommunestyre i Finnøy bera. Det er dei som for mange år sidan valde å køyra denne saka inn på det blindsporet det har vore at ein skal forlengja bompengeinnkrevjinga i Finnfast, istadenfor å jobba hardt for andre og meir fornuftige finansieringsformar.

Vidare så skriv Øyposten: «Øyremerking av pengar frå Havbruksfondet til Øyfast fall også på steingrunn.» Også dette var eit ønske som vart fremma i samband med budsjetthandsaminga i haust, men som det ikkje sto noko om i intensjonsavtalen. Og det er vanskeleg å vera prinsippielt ueinig med Arbeidarpartiet i at dei inntektene som tilflyt kommunen frå næringsversemd, det vera seg frå havbruksnæringa eller frå oljeserviceselskap på Forus, tilhøyrer heile kommunen. Heller ingen andre kommunedelar har vel nokre særordningar om at inntekter frå næringsverksemd skal bli verande i kommunedelen.

Øyposten skriv vidare: «Debatten i kommunestyret i Stavanger måndag om budsjettet var også urovekkjande. Det var klima, eldrepolitikk og gratis skulemat over ein låg sko. Dei storslåtte visjonane frå opptakten til den nye storkommunen var heilt borte. For ein øypolitikar må budsjettdebatten ha vore nedslåande.»

Verkeleg, Øyposten? Er det urovekkjande at budsjettdebatten gjeld tema som klima, eldrepolitikk og skulepolitikk? Eldreomsorg og skule er vel mellom dei viktigaste kjerneoppgåvene for einkvar kommune, og er like viktig for oss som bur her på Finnøy som dei som bur på Madla. Og klima er ei av vår tids største globale utfordringar, så det skulle berre mangla om ikkje vi i Stavanger kommune var opptekne av korleis vi kan gjera vårt når det gjeld den saka. Det vitnar definitivt ikkje om mangel på visjonar at kommunestyret var opptekne av desse sakene. At øypolitikarar skal ha funne det «nedslåande» å vera med på debatt om dessa temaa, meiner eg blir ei kraftig nedvurdering frå Øyposten si side av kva perspektiv vi som bur her på Finnøy har, og kva vi er opptekne av.

Øyposten har misforstått om dei trudde at hovudpoenget med å gå inn i ein storkommune som Stavanger er at det skal dryssa enormt med midlar eksklusivt på Finnøy. Det har i alle fall eg aldri hatt nokre voldsomme forventningar om. Tvert imot er eit av hovudpoenga at ein får bli ein del av dei satsingane som finn stad i Stavanger kommune som heilskap, til dømes når det gjeld skulepolitikk. Frå hausten blir SFO gratis for alle førsteklassingar i Stavanger kommune. Det vil sjølvsagt gjelda også for førsteklassingar i Finnøy kommunedel.

Dette, og andre positive utviklingstrekk, nemner imidlertid ikkje Øyposten med eit ord i sin leiar. Istadenfor heng dei seg opp i at eigedomsskatten ikkje blir teken heilt vekk, «berre» kraftig redusert. Og slår på den bakgrunn fast at det har vore ein «tung start». Sjølv opplever eg tvertimot starten som riktig så lovande. Dette tyder ikkje at eg har ei naiv tru på at alt vil vera perfekt i den nye storkommunen – men det var det vel heller ikkje i gamle Finnøy kommune.

Uansett: lat oss frå 1. januar arbeida saman for å gjera Finnøy kommunedel og Rennesøy kommunedel til spanande og attraktive plassar å  bu og leva, både ved å løfta fram saker som gjeld Finnøy og Rennesøy særskilt, og også ved å arbeida for ein så god og framtidsretta politikk som mogleg i heile den nye storkommunen.

Ola Johan Settem

Judaberg

Publisert: