Bibelmaratonen har starta

I dag gjekk startskotet for ein spesiell aktivitet i Fogn kyrkje; høgtlesing av Bibelen, ei skikkeleg maratonøkt.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Fram til sundag 19.januar skal verdas mest leste bok, lesast høgt ifrå perm til perm.,

Unni Østhus er ein av initiativtakarane, og fyrste mann ut. Nøyaktig klokka 1300 byrja ho lesa ifrå 1. Mosebok, 1.kapitel 1.vers. –« I byrjinga skapte Gud himmel og jord. Og jorda var aude og tom, og det var mørke over det store djup, og Guds Ande sveva over vatna. Og Gud sa: Bli lys! Og det blei lys.»

Å lesa heile Bibelen frå perm til perm tek rundt 80 timar. Detter har blitt gjort to gonger tidlegare i Fogn kyrkje, fyrste gong i 2006 og i 2013.

- Det var faktisk berre 15 minutt i skilnad på dei to føregåande gongene, sa Unni til Øyposten då det blei bestemt at dei skulle gå i gang for tredje gong.

Mange har meldt si interesse for å vera med å lesa, og mange vil ta fleire økter. Alle kan lesa så lenge dei vil. Kyrkja er open for dei som vil sitta og høyra på.

Heidi Bø Sangedal i ansvarskomiteen i kyrkja er saman med Unni på dette initiativet.

Publisert: