Startar nettavisa Randaberg 24

Dei er gode kompisar og har lang fartstid som både marknadssjef og journalist i lokalaviser i distriktet. No har dei to kompisane Morten Andersen og Per Thime sagt opp stillingane sine i dei to A-media eigde lokalavisen, Bygdebladet og Lyngdal Avis, og startar opp Sør Rogaland si første fullskala nettavis, Randaberg 24.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Det er eigar og hovudaksjonær i Øyposten As, Stephan Dickenson, som no går inn som eineaksjonær og startar opp si andre lokalavis på Nord Jæren og Ryfylke. Dickenson kjøpte seg inn og tok over aksjemajoriteten i Øyposten As i mars 2011. Ei tradisjonsrik lita lokalavis som går inn i sin 50. årgang i 2020.,- Eg gjer dette fordi eg trur at Randaberg treng ei reindyrka lokalavis, og som gjennom den fullskala digitale løysinga kan vera på 24 timar i døgnet, seier Dickenson.-Men eg ser også dei politiske signala som no kjem frå sentralt hald og regjeringa, som mellom anna i sitt statsbudsjett aukar pressestøtta til både lokalavisene og ei digitale satsing på dette,betydeleg.,

Både han og markedssjef Morten Andersen, ser også eit stort inntektspotensiale i det svært oppegåande lokale næringslivet i "den grøne landsbyen" på Nord Jæren, og har som ambisjon at det skal bli etablert ei felles annonseplattform mellom Randaberg 24 og Øyposten.

Eigar Dickenson presiserer likevel, at det ikkje skal vera noko redaksjonelt samarbeid mellom dei to avisene som han no blir eigar av.,-Randaberg 24 skal vera ei reindyrka randabergavis, medan Øyposten skal vera avisa for dei to nye kommunedelane i Stavanger, noverande  Finnøy og Rennesøy kommune, slår han fast.

-Langs E39-frå "Gabbas" til Byfjordtunnelen

Den nye digitale avisa Randaberg 24 vil koma med si føre utgåve like etter årsskifte, og skal ha Per Thime som redaktør og einaste journalist det første året. Det første halvåret vil også alt digitalt stoff vera ope (betalingsfritt).

-Det er avgjerande viktig for at folk skal få tilgang til alle nyheiter og det me skriv og reklamere for, slår Thime fast.,-Vårt nedslagsfelt og stofftilfang skal gå langs E 39 frå "Gabbas" og kommunegrensa på Tasta til Byfjordtunnelen. Men sjølvsagt skal me også ta turen gjennom dei to tunnelane ved større hendingar, når me meiner det er påkravd.,Thime har snart 30 år bak seg i avis- og mediebransjen. Han er son av den kjente toppdommaren i fotball og mangårig sportsredaktør i Stavanger Aftenblad, no avdøde Svein Inge Thime.,-Hvis det er nokon som kan Randaberg ut og inn så er det han Per. Han veit kva lesarane vil ha, og så veit eg kva annonsørane og kva det lokale næringslivet vil ha, seier ein engasjert Morten Andersen.

-Men det trur ikkje dette berre blir ei "døgnflue" i ein tøff avis- og mediemarknad der mange har feila før. Og kva er det eigentleg som triggar Dykk med dette?

-Som eigar Dickenson, så har også me tru på å reindyrka det lokale. Og med den lokalpatriotismen og store interessa det er for det lokale og nære, spesielt i Randaberg, så synest både Morten og eg at dette verkar spenstig og interessant. Med dei moglegheitene som det digitale verktøyet i dag gir oss, vil me også kunne vera til stades med det nære og lokale, 24 timar i døgnet. Denne draumen har eg alt hatt i 4-5 år, og no blir dette ein realitet, avsluttar påtroppande redaktør for den regionale nysatsinga innan lokalavisbransjen, Randaberg 24, Per Thime.

Publisert: