Finnfast-bommen må stå i åtte månadar ekstra

Bommen i Finnfast må stå i åtte månader ekstra for å betala gang- og sykkelveg frå Judaberg til Nådå.

Hvem skal betale for gnag og sykkelstien fra Nådå til Fåhadlet når bompengene forsvinner?
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Stratens vegvesen har nå kome med ein plan for å ordna opp i kaoset langs den livsfarlege vegen frå Vikekleiva til Reilstad.,

Vegvesenet foreslår at det blir bygd ein tre meter brei gang- og sykkelveg frå der kor dagens sluttar ved innkjøringa til Fåhadlet, og fram til rundkjøringa på Nådå. Resten av strekninga, frå rundkjøringa til tunnellmunninga på Ladstein, er ikkje med i planane.

Vegvesnet foreslår å byggja ein tre meter brei gang og sykkelsti langs strekninga, men legg ikkje inn ei oppgradering av sjølve vegen. Grunnen til det er at ei utviding eller utbetring av vegen vil medføra "svært omfattande og kostbare inngrep".

Kostnaden for prosjektet er 30 millionar kroner, og mesteparten, 25 millionar kroner, skal betalast med bompengar frå Finnfast. Resten skal fylket betala. For å få til dette blir det rekna med at bommen i Finnfast må stå åtte månader lenger enn rekna med.

Viss trafikken gjennom tunnelen held seg, ligg det an til at Finnfast er nedbetalt ved årsskiftet 2023-2024.  Men skal gang- og sykkelvegen betalast med bompengar, betyr det at bommen må stå til september 2024.

Då Finnfast blei godkjend i Stortinget blei det rekna med at bommen måtte stå til 2028. Men mykje høgare traffikk kombinert med lågare rente har gjort at nedbetalinga har gått raskare enn rekna med.

Forslaget kjem nå på Finnøy-politikarane sitt bord, som ei av dei siste sakene dei treng å ta stilling til som eigen kommune.

Publisert: