Fleire feil og manglar ved Sjernarøy oppvekstsenter

Oppvekstsenteret må bli meir bevisste på helse -og trivseltiltak.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

I ein rapport frå kommunen etter tilsyn som går på

Forskrift om miljørettet helsevern i skoler og barnehager

på Sjernarøy oppvekstsenter i oktober, vart det funne fire merknadar som må vurderast for utbetring, og to brot på føreskrifta som må utbetrast: Desse to er:

- Manglande plan for utbetring av fysiske tilhøve som sikrar at miljøet fremjar helse, trivsel, gode miljømessige tilhøve og førebyggjar sjukdom og skade i barnehagen.

- Manglande risikovurderingar for tilhøve som gjeld borna og som skal liggja til grunn for skulen sitt førebyggjande arbeid.

,Skulen er såleis ikkje godkjent etter

Forskrift om miljørettet helsevern i skoler og barnehager.

Frist for gjennomføring og tilbakemelding av vedtaket, er sett til 1. april neste år.

Merknadane skal fylgjast opp ved seinare tilsyn.

I sist tilsyn i 2015, blei det meldt tre avvik, som alle er retta opp i på ein tilfredsstillande måte.

Publisert: