Vil du vera med og utforma Judaberg sentrum?
Utviklinga av sentrum har lenge vore ei forsømt sak.
- Oddbjørg Måland
Denne artikkelen er over fire år gammel
Den noverande sentrumsplanen for Judaberg er forelda, og det har i liten grad vore heilskapleg tenking som ligg til grunn for den utviklinga som har vore i sentrum.,
Næringshagen tek no initiativ til ei samling og inviterer alle som har hjarte og interesse for Judaberg sentrum si framtid, til å komma med innspel, tankar og meiningar på Utsyn onsdag 20. november. Påmelding.