Rennesøy slepp ikkje unna eigedomsskatt

Fleirtalspartia i Nye Stavanger har bestemt seg. Det blir skatt på eigedom for alle i den nye kommunen, også Rennesøy. Men lågast skatt for dei ikkje landfaste øyane i Finnøy.

|Her på Dalaker sluttar gang- og sykkelvegen frå Bergekrysset og Vikevåg. Men vegen vidare er både smal og har mange svingar.|
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Det stadfestar varaordførar Dagny Sunnanå Hausken overfor Øyposten.,

-Dette er ikkje i tråd med intensjonsavtalen som ligg til grunn for samanslåinga mellom Rennesøy, Finnøy og Stavanger?

-Det var det beste og mest realistiske me kunne få til. Det er umulig å trekkja ei grense mellom dei som skal betala og ikkje skal betala eigedomsskatt. Dette er mest rettferdig å la alle betala, og heller dela kommunen inn i ulike soner, seier Sunnanå Hausken, som også viser til at svært få kommunar opererer med områder "utbygd på bymessig vis" når dei skriv ut eigedomsskatt.

I intensjonsavtalen var det enighet om å skilja mellom områder utbygd bymessig, og dei utanfor. Enigheten mellom fleirtalspartia betyr også at Rennesøy, som i dag ikkje har eigedomsskatt, vil få dette.

-Korleis trur du reaksjonane  i Rennesøy blir?

- Eg trur at folk har rekna med det ville bli slik. Ingen kunne venta at Stavanger skulle ha eiendomsskatt mens resten skulle sleppa, seier varaordføraren i Nye Stavanger.

Fleirtalspartia kjem dermed til å følgja forslaget frå kommunedirektøren, også når det gjeld å dela den nye kommunen inn i ulike soner for eigedomsskatt.

Høgast skatt blir det etter forslaget i sentrale områder i Stavanger, og lågast i dei ikkje håndfaste øyane i Finnøy. Dei nye skattereglane skal gjelda frå 2021.

Saka blei referert då formannskapet i Nye Stavanger hadde sitt første møte i arbeidsutvalet tysdag. Frps Leif Arne Moi Nilsen signaliserte at partiet kjem til å foreslå at eigedomsskatten blir droppa heilt i den nye kommunen. Viss det ikkje får støtte, vil partiet stå på intensjonsavtalen mellom dei tre kommunane.

Høyre kjem neppe til å landa på eit standpunkt før saka kjem opp i kommunestyret, ifølge John Peter Hernes.

Publisert: