Full jul i julehuset på Judaberg

Nå bugnar blomsterbutikken på Judaberg av nissar, jultrepynt og juleblomster. Her er det full jul frå kjellar til loft.

Marie Therese Reilstad og Brit Elin Nordbø kan ønska velkommen til ein julepynta blomsterbutikk på Judaberg.||||
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

- Me brukar pynta til jul den første laurdagen i november, slik blei det i år også, seier Marie Therese Reilstad og Brit Elin Nordbø til Øyposten.,

Det koselege trekvite huset ved kaien har julepynt i alle fasongar i alle krikar og krokar. Juletreet er pynta og lysa tende, og frå taket dalar det julenissar i fallskjerm. Sviblar, julestjerner og blomster høyrer også med.

-Me får litt kommentarar om at me er tidleg ute med å pynta til jul. Men det er kjekt og, legg dei til, seier Brit Elin Nordbø.

Nå i november døyper dei om blomsterbutikken til julehuset, og i romjhula blir det omdanna til nyttårshuset.

-Det er desember me lever av. Spesielt siste veka før jul kan vera veldig travel. Då er det veldig kjekt å jobba her, og folk er flinke til å bruka oss, seier  dei to.

-

Publisert: