Lesarbrev: Stå steinhardt på her

Ordførar Halleland kjem med ein del oppklaringar som svar på mitt innlegg i avisa. Dessverre så blir det lite gang og sykkelsti ut av desse oppklaringane, skriv Arild Flesjå i eit lesarbrev til Øyposten.

Gravemaskinane har endå ikkje sett grabbane i jorda for gang- og sykkelveg i Viklekleiva.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Snarare tvert imot så føler eg at den tvilen ordføraren sådde i innlegget i Øyposten om gang og sykkelsti, bare blir forsterka. Og det er når ein les nokre av oppklaringane til ordføraren at dette ser mørkt ut. Han nevner bl.a  at 3 ordførerar og lika mange kommunestyre har jobba med dette. Men likevel er det ikkje kome nokon gang og sykkelveg.,

Som Tor Øystein skriv i sitt innlegg så blei opprystinga av 519 stoppa 200 m forbi rundkjøyringa mot Judaberg pga pengemangel. Planen var at vegen skulle vore utbetra til Vikekleiva. Snart 30 år etter står ein fortsatt og stangar i prinsipper og diskusjonar om korleis resten av 519 skal finansierast. Nå blir Kost/Nytte trekt inn som ein del av problemene med at gang og sykkelveg ikkje er finansiert ennå. Dette når bompengefinansiering blir trekt inn som eit alternativ til finansiering. Eg og dykk der ute må bare håpa at ingen sit igjen med realiteten av at ein av våre kjære blei drept fordi Kost/Nytte prinsippet stoppa eit så viktig prosjekt. Dei som har opplevd tragedien med å mista familiemedlemmer i ulykker og anna veit kva bunnlaus sorg som blir utløyst. Dei andre kan berre ana det.

Personleg har eg ingenting imot at det blir brukt Finnfastpenger på dette prosjektet. Eg har vore med å betalt tunnelen til no, og viss vi med å bruka Finnfastpenger som ein delfinansiering av prosjektet, kan hindra ulykker på strekninga Nåden/Kleiva, betaler eg med glede litt lenger i Finnfast.

Mi bønn  til ordførar og lokalpolitikerar, sjølv om dei ikkje blir mange i det nye Stavanger, er at dykk jobbar steinhardt for å sjå på løysningar, ikkje problemer for å få dette til. Det må jobbast mot fylket og Stavangerpolitikerane. Gang og sykkelvegen blir ein av mange  prøvesteinar på kor mykje eller lite utkant tidlegare Finnøy kommune blir i nye Stavanger i framtida

Publisert: