Borghild og Stjerna havna på Hidle

Nyleg kom to bedårande dokker i land på Nord-Hidle i Sjernarøyane.

Ho til høgre, Stjerna, har ftått ny heim på Nord-Hidle. Den tidlegare eigaren, til venstre, Janne Grethe Hovda Rørheim, bur framleis på Fogn.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Det var to av kyrne til Janne Grethe Hovda Rørheim på Fogn som flytta inn i fjoset hos Jarl og Kari Hidle.,

Den eine, Stjerna pryda framsida på førre utgåva av Øyposten. Grunnen for det var at eigaren, Janne Grethe, nå skulle gi seg med kyr. Dermed blei det nytt fjøs for dei omtalte to kyrne.

Og navna sine får dei behalda, opplyser Jarl Hidle til Øyposten.

Han legg til at Borghild stammar frå Finnøy.

-Mora på garden heitte Borghild, og ho nekta å gå i fjøset viss dei ikkje fekk jersey-kyr, seier Hidle.

I fjøset på Nord-Hidle står det nå 10 reinrasa jersey-kyr, og planen er at heile buskapen på 16 med tida skal bli av denne rasen.

-Det er veldig gilde dyr med eit godt lynne. Og så får eg ganske godt betalt for mjølka, som er rik både på feitt og protein. Dessutan er fjøset vårt ein del år, og små jersey-kyr får betre plass i båsen enn til dømes ei stor holstein-ku, seier Jarl Hidle.

Publisert: