Nytt hjelpetilbud for barn og unge

Pårørendesenteret i Stavanger lanserer eit nytt hjelpetilbud for barn og unge i heile landet, UngePårørende.no

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Til å utvikla mange av tekstane har Pårørendesenteret fått med seg Anne Kristine Bergem, universitetslektor, psykiater, forfattar og Norges fremste på barn som pårørande.,

I tillegg til fagtekstane til Anne Kristine, har me ein postkasse der brukarane kan skriva inn sine utfordringar og spørsmål, og ei hjelpeline med chat og SMS. Me syns at postkassa er spesielt viktig, både fordi mange kan ha nytte av det andre barn har skrive, og at den sikrar at me dekkar det dei faktisk lurer på, seier Unn Birkeland i Pårørendesenteret i Stavanger.

Pårørendealliansen anslår at det er 800 000 pårørande i Norge. Aldersfordelinga i Norge elles tilseier at 214 000 av desse er under 18 år.

– Målet vårt er å nå ut til alle dei som i dag ikkje får hjelp, enten fordi vaksne rundt dei ikkje ser behovet eller fordi dei tenkjer at dette alt er ivaretatt, seier Unn Birkeland.

– UngePårørende.no skal vera eit lågterskeltilbud som kan bidra til å hindra fråfall frå skule og framtidig arbeidsliv som følgje av belastninga mange opplever. Me går inn og dekkjer eit behov der barnevernet ikkje er direkte tilstades. Førebyggjing gjennom UngePårørende.no er også eit barnevern, meiner ho.

Publisert: