Skal vera ei vaktbikkje i forhold til intensjonsavtalen

-Eg byrjar å bli bekymra, når både fleire av dei nye politikarane og politikar som var med i samanslåingsprosessen,og som sat i Fellesnemda, alt i det første møte i det nye kommunestyret går på talarstolen og seier at dei ikkje føler seg forplikta av det som står i intensjonsavtalen.Det er avtroppande ordførar i Finnøy, og gruppeleiar for Stavanger Kr.F i det nye kommunestyret, Henrik Halleland, som seier dette til Øyposten dagen etter konstituerande kommunestyremøte for Nye Stavanger

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Han var sjølv aktiv, og inntok talarstolen fleire gonger for nettopp å påpeika dette.,-Eg blir bekymra når ein ynskjer å leggja ned dei såkalte AU-ane(arbeidsutvala) til dei respektive kommunalutvala. Her er det svært mange saker som vedkjem innbyggjarane direkte som vert avgjort. i Denne delen av den politiske prosessen kan veljarane også bli inviterte til å leggja fram sine saker, og i tillegg kan administrasjonen også møta opp for å orientera politikarane grundigare i dei aktuelle sakene. Eg blir svært overraska når fleirtalskoalisjonen vil leggja desse utvalet ned, og eg meiner det vil svekkja lokaldemokratiet betydeleg.,

Så skal me også ha den fulle og heile respekt for den intensjonsavtalen som blei vedteken.Ein intensjonsavtale som var heile føresetnaden og sjølve grunnlaget for at veljarane i Finnøy og Rennesøy sa ja til å bli med i den nye kommunen. Noko anna vil vera å føra veljarane i Finnøy og Rennesøy bak lyset.

Det var også dette faktum som vart lagt til grunn for rådmannen sine innstillingar i saka om delegasjonsrett, der dette vart diskutert, poengterer Halleland.

-Ja, er det slik å forstå at du no fryktar at viktige og heilt sentrale sider ved denne avtalen ,alt no er i ferd med å bli kasta på båten av det nye fleirtalet i Stavanger kommune?

-Signala eg høyrde frå enkelte på talarstolen i går ettermiddag bekymrar meg. Særleg det at dei ikkje følte seg forplikta av denne intensjonsavtalen. Då som nye kommunestyrerepresentantar og ein del av eit nytt fleirtal. Det bekymrar meg sterkt. Men heldigvis vart saka om å leggja ned AU utsett inntil vidare. No bli det spanande å sjå kva som kjem i budsjettet frå rådmannen på fredag. Der vil me blant anna få klare svar på om midlar som er avsett frå mellom anna Havbruksfondet til Øyfast, blir ført vidare. Det same gjeld det som står om nytt Helsehus i Vikevåg og ny sjukeheim på Judaberg. Så me går mot spanande dagar og tider framover. Difor ser eg det også som mi hovudoppgåve å sørga for at innhaldet i intensjonsavtalen vert fulgt opp, og at den avspeglar seg i budsjettframlegget frå rådmannen. Og sjølvsagt også seinare hjå oss politikarar, når budsjettet endeleg skal vedtakast i desember, avsluttar Halleland.

Publisert: