Tor Bernhard satsar nye millionar på fiske

Han har drive med fiske og mottak av fisk og skalldyr frå kaien sin på Bru i 20 år, og  kunne i ein alder av 65+ gått over i pensjonistane sin rekker.Likevel legg Tor Bernhard Harestad meir enn tre millionar kroner på bordet, og legg i desse dagar den tredje båten til sin fiskeflåte.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Og sjølv om Tor Bernhard ser at det minkar både med skalldyr, og dei tradisjonelle fiskeslaga som torsk og sei i Ryfylkefjordane og langs kysten,har makrellsesongen vore svært bra.-Sidan mai månad har me teke imot 330 tonn makrell, og det er veldig bra , konstatere Tor Bernhard medan han beundrar den nye 35 fot store fiskebåten som har fått namnet Herkules 2.,

No skal det monterast ein del ekstra utstyr ombord,før han i månadskifte februar/mars dreg nordover på det tradisjonsrike Lofotfiske.Der har han også med seg ein torskekvote på 15 tonn  om bord.Den har hån sjølvsagt håp om fylla,slik det eventyrlige fiske etter skrei har vore dei siste par åra.

-Når me ikkje er på lofotfiske, vil me bruka den til å brønne makrell.Så eg har tru på at dette vil bli ein god investering, meiner Tor Bernhard .Sjølv er han også leiar av Stavanger og omegn fiskarlag, som per i dag tel vel 30 aktive fiskarar.

Likevel er den profilerte og frittalande FrP-politikaren spent på om han blir frisk nok til å delta i det som i fiskarmiljøet blir oppfatta som årets høgdepunkt.Om kort tid skal nemleg Tor Bernhard leggja seg på operasjonsbordet for gjera eit større inngrep.-Eg har på ingen måte tenkt å gi meg, for smerteterskelen er som du veit rimeleg høg, avsluttar ein optimistisk fiskar.

Publisert: