Men på Rennesøy får dei det til....

– Det hjelper med publisitet, men det er langt igjen til mål

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Det seier innsamlingskoordinator Merete Kindingstad som jobbar iherdig med å få nok bøsseberarar til TV-aksjonen neste sundag.,

- Per i dag er det berre sju personar som har meldt seg. Ideelt sett bør det vera rundt 30, men me klarer oss med 20 om nødvendig. Problemet vert då at dei som går, må bruka meir tid, og gå lengre strekningar, seier Merete.

På heile fyrste side i Øyposten i går ber Merete folk om å gjera ein innsats for aksjonen. I tillegg har ho vore i kommunestyret og fridd til politikarane, og ho har oppmoda lag og organisasjonar, og skuleklassar.

,-

Kva skjer viss du ikkje får nok folk?

- Då risikerer ein jo at ikkje alle får besøk av bøsseberarane. Men når det er sagt, finns det andre måtar å få gi på, til dømes med vipps eller telefon.

På Rennesøy derimot har dei andre rutinar på TV-aksjonane.

- Her har me full kontroll på alle innsamlingsaksjonane. Heilt sidan frivilligsentralen starta for 10 år sidan, har me hatt eit opplegg som funkar kvart år. Ein avtale med elevar og føresette i 5. klasse på skulane på Vikevåg, Mosterøy og Vestre Åmøy, gjer at me aldri har komme i ein situasjonen der me står utan nok bøssebererar, seier leiar i frivilligsentralen, Bjørg Vestbø som har hovudansvaret for innsamlingsaksjonen i Rennesøy.

I dag skal frivilligsentralen ha eit arbeidsmøte saman med klassekontaktane i 5.klassane for å setta saman bøsseberar og fordela ruter. Alle elevane får t-skjorter frå TV-aksjonen som dei brukar under innsamlinga.

,-

Kor mange bøsseberarar har du til årets aksjon?

- Me har 80 bøsser, men kan skaffa meir om nødvendig, seier Bjørg.

,-

Kunne ikkje ei slik løysing vore bra for Finnøy og?

- Jo, det hadde heilt sikkert vore knallbra, men det er ikkje opp til meg å bestemma, seier Merete Kindingstad.

Vipps til 2133, eller givar-telefon 82206006.

Publisert: