Sikra plassen i 5.divisjon med storsiger

Sjølv om Finnøy i teorien enno kan rykka ned ein divisjon,skal det svært mykje til etter at laget utklassa Randaberg 2 heile 7-4 i heimekampen på Leikvoll i kveld.Med 17 poeng når fire  kampar står igjen,har dei lagt bak seg både kveldens motstandar med sine 9 poeng og Kvitsøy som ligg aller sist med berre 6 poeng.I utgangspunktet er det berre eitt lag som rykkjer ned.-Målet for sesongen var å sikra plassen i divisjonen.Når den målsetjinga nå  nærmast ser ut til å vera nådd, er me sjølvsagt svært tilfreds ,seier oppmann og lagleiar Jan Sigve Eike like etter kampslutt.-No kan me senka skuldrene litt i dei tre siste kampane, og også late dei som har fått lite speletid fram til no få meir .Likevel  irriterer halnøybuen seg over fire svært unødvendige baklengsmål.Han er likevel rask med å leggja til at den første halvtimen av kampen,er det beste laget har prestert så langt i år.Slik var kampen:15. Min:Finnøy har teke leiinga 2-0 i det viktige botnoppjerdet heime mot Randaberg 2Kristian Ledaal gir heimelaget leiinga 1-0 etter berre 5 minuttars spel.8.mi: 2-0 ved Torjus Halsne20.min:3-0 ved Jarle Sigbjørn Risanger EikeGlitrande kontring av Finnøy,der Ledaal spelar Risanger Eike gjennom.Risanger Eike set ballen sikkert i mål nede i venstre hjørne for keeper25 min.4-0 ved Torjus Halsne etter gjennomløping.Randaberg-Forsvaret blir totalt overkjørt av eit aggressivt heimelag27.min 5-0:Hans R.Eike.Glimrande langskot nede  i venstre hjørne for keeper31.Min.6-0 Kristian Ledaal.Finnøy spelar five  a side inne i Randaberg sin 16.meter.Ledaal hamrar ballen opp i krysset frå straffemerket .Dette ser beksvart ut for Randaberg .Total overkjøring av Finnøy.Dette kan bli tosifra..35:Redusering til 1-6 Randaberg 2Pause:6-1 til Finnøy etter ein oppvisning av dei skjeldne.53.min:6-2 Redusering Randaberg57 min:6-3 Ny redusering Randaberg .Randaberg mykje meir med no.Kan dei verkeleg ta igjen heimelaget?Eit heilt nytt bortelag på banen.Finnøy heng ikkje med i opninga av 2.omgangen60.min:7-3:Finnøy slår tilbake ved Torjus Halsne.Keepertabbe!64 min: Rødt kort til Randabergspelar for munnbruk og to gule.81.min:7-4?Redusering .Randaberg .Keepertappe!Keeper til Finnøy ser ut til å ha full kontroll, men glipper ballen mellom beina.Veldig identisk med tabbemålet til kollegaen i randabergmålet.85.Kanonade mot Randabergmålet , men god redning av keeper.86.Stolpeskot av Torjus Halsne,som med sin fart og kraftfulle innsats heile tida er ein kjempeutfordring for bortelaget sitt forsvar.92.Minutt SluttFullt fortent heimesiger.Randaberg 2 kjem sterkt tilbake etter ein katastrofal 1. omgang.Mange bytte og omrokkeringar gjer at Finnøy mistar overtaket i kampen.Halsnøyfirkløveret :Anders Eike,brødrene  Risanger Eike og Torjus Halsne var igjen alle veldig sentrale på eit godt heimelag.Der også lovande Sander Idsø og tomålsscorar Kristian Ledaal leverte varene.  

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel
Publisert: