Slik kan kostnadene i Øyfast kuttast

Berner Meling frå Talgje meiner ei ny løysing for tunnel til Fogn bør vurderast.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Den byggjer delvis på den gamle Renn - Rand planen, og kan redusera tunnelkostnaden med meir enn heile inntektene av bompengane frå Finnfast.,

I staden for å byggja tunnel mellom Finnøy og Fogn slik Øyfastplanen legg opp til peikar Meling på ei alternativ løysing. Det er tunnel frå Eidsvåg på Fogn, langs talgjelandet med direkte tilkopling på Finnfast.

Øyfastplanen tilrår ein ca. 8 km lang tunnel frå  Nord-Fogn (Sæbøvåg) til Reilstad (Kolkaien). Alternativet Eidsvåg - Finnfast er 6,5 km. Ordinær pris for tunnelklasse C er rekna til ca. 150 mill. per km. Berre denne reduserte kostnaden svarar til inntektene som bommen i Finnfast skal tilføra Øyfastprosjektet.

Begge korridorane mangla gode data om djupne og lausmassetilhøve. Kartet syner ei djup renne på over 150 m for begge alternativa, men mot Talgje har denne renna ein rygg som er målt til 151 m. Data for lausmasse manglar, og krav til bergoverdekning er minimum 50 m.

Mellom Eidsvåg og Hanasand blir køyrelengda 10 km. Frå Sæbøvåg blir køyrelengda nær det doble, med ein tung ekstra stigning over Finnøy i tillegg. Argumenta for finnøyalternativet er påverka av den vedtekne regionsplanen om å byggje opp Judaberg som kommunesentrum samt gamal vanetenking. Men gårsdagens tenkjemønster må ikkje få farga morgondagens reisemønster.

Kommunesenteret blir nå Stavanger og målet med ned nye forbindelsen må vera å få så god tilknyting til arbeidsplassar og sentrumsfunksjonar som mogleg. Og det betyr Nord - Jæren området, held han fram.

For Fogn - Halsnøy er planane til konsulentselskapet AnkoNova lagt til grunn. Dei laga planen Fogn – Børøy i 2012. Kostnadsoverslaget i øyfastsamanheng er kopi av dette, minus brua til Børøy. Men noko som ikkje er vurdert, er kva tilgangen på billig tunnelmasse betyr.

I ei Bacheloroppgåve, kor ein av leiarane i AnkoNova var rettleiar, blei det rekna på kva som kunne sparast med å korta ned brukonstruksjonar med meir sjøfyllingar, og reknestykket synte ein prisreduksjon på 100 mill. kr. i høve til det Øyfast opererer med.

Det må takast som sjølvsagt at kandidaten har fått tilgang til alle relevante data frå konsulentselskapet, og desse viser han til både i fotnotar og referansar. Totalt blir det ei innsparing på over 300 mill. kroner, – og  dette berre på ein del av Øyfastprosjektet.

Øyfast starta med store ord om Finnfast som «melkeku». Det var eit feilsteg som berre skapte splitting og misnøye. Mange som flytta til kommunen trudde at bommen skulle vekk når Finnfast var betalt. Andre er nå skeptiske til å flytte hit grunna all uvisse kring Finnfast bommen.

Bompengar er i dag nærast blitt eit nasjonalt fyord. Likevel må ikkje politikarane våre bli skremde frå å arbeida for betre kommunikasjonar. Men me vanlege innbyggjarar har rett å venta at før våre tillitsvalte utbasunerer bompengar frå Finnfast, må planar og konsekvensar av dei framlagte forslaga vera både gjennomtenkte og kvalitetssikra.

Ingen politikar har reist kritiske spørsmål om traséval. Substansen i argumentasjonen er mest  gode ynskje og oppfordring om å syne medkjensla med dei som endå slit med ferjene. Me som er ferdige med ferjene forstår godt desse ynskja, men skal Øyfast lukkast må det først byggjast solidaritet for prosjektet, og unngå at mange føler seg overkøyrde. Det krev i det minste at ein først bør drøfta ulike løysingar og grunngjeva kvifor ein vel det eine og vel bort det andre.

Rune Nedrebø

Publisert: