Oppmålinga i gang, med laser

Folk frå Stavanger kommune begynte i dag oppmålinga av hus og hytter på Finnøy. 

Siv Egeli (t.v.), Ingeborg Asche og Angelika Góra tar laser i bruk for å få nøyaktig oppmåling. I dag begynte dei i Judaberg sentrum.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Viss du har sett tre personar som ruslar utfor huset ditt med gul vest og ipad, er det bare oppmålarane frå Stavanger kommune som er rundt. I samband med at Finnøy blir ein del av Stavanger frå nyttår, skal alle hytter og bebudde bygningar i kommunen målast opp på nytt.,

I dag begynte dei på Judaberg, og i løpet av vinteren skal alle bygningar på Finnøy og Talgje vera målt opp på nytt. Til våren står dei andre øyane i kommunen for tur.

- Det er eit stort arbeid, og alle bygningar blir målt nøyaktig med laser. Noko av vitsen er mellom anna å gi ein meir rettferdige skattar og gebyrer,  seier Siv Egeli og Ingeborg Asche.

- Men me har med oss elsparkesykkel for å komma kjapt rundt, legg dei til.

- Blir de tatt vel imot?

- Ja, folk er veldig hyggeleg. Me ringjer på hos folk og presenterer oss, og seier «her er me, endeleg, kvitrar dei to oppmålarane frå kommunen i byen.

Det er ikkje bestemt kva deler av kommunen som skal ha eiendomsskatt, men synfaring må til uansett. Det betyr at det bygningane blir fotograferte og oppmålt og sjekka mot opplysningane som alt ligg inne. Oppmålarane skal ikkje inn i husa, så eigarane treng ikkje vera heime. Men det er muliog å vera til stades ved å gi beskjed til Stavanger kommune.

Publisert: