Kan få bygge naust i naturreservat

På Kyrkjøy kan det bli bygging av nytt naust i naturreservatet Lundarvågen

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Henning Stokke, kjent tunnelaksjonist frå Tasta og gard-eigar på Kyrkjøy, får vurdert spørsmålet på ny om bygging av naust i Lundarvågen på Kyrkjøy. Det har fylkesmannen avgjort.,

Stokke har søk om å få byggja eit 45 kvadratmeter stort naust i Lundarvågen, som er bandlagt som våtmarksområde og naturreservat. Argumentet frå Stokke er at han treng naustet til båten som må til for å kunna frakta og dyr og gjerdemateriell til det 100 dekar store utmarks- og innmarksbeitet på Udskjer med driveplikt.

Både naustet og bryggja skal oppførast i ein stil som passar til området, og naustet er tenkt bygd som grindbygg med skifertak. Det er eit eksisterande naustmiljø i området.

Kommunen avslo søknaden, men nå har Fylkesmannen omgjort vedtaket fordi saka ikkje er «forsvarleg belyst» og vil ha saka  vurdert på ny.

I klagen på kommunen sitt vedtak skriv Stokke mellom anna at:

«Det er fortvilende at vi på den ene siden blir oppfordret til (og ønsker) å skjøtte arealene på Udskjer og få etablert en passende løsning med båt i tilknytning til dette, mens på den andre sider hevder kommunen at fylkesmannen er negativ til etablering av slik båtplass/naust. Vi har også en lovpålagt driveplikt til deler av arealene, påpeker Stokke.

Kommunen har hengt seg opp i storleiken på naustet, og meiner det ikkje skal leggjast avgjerande vekt på storleiken på den båten Stokke meiner han treng.  Men fylkesmannen slår fast at behovet til Stokke nå må vurderast nærare eventuelt med landbruksfagleg assistanse.

Publisert: