Vegvesenet skapar trøbbel for bustadbygging

Det nye bustadfeltet Holmastø-nord på Fogn er regulert med gang – og sykkelsti på «feil» side av vegen.

  • Gudmund Rørheim
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Kommunen er positiv til flytting av gang -og sykkelstien, men Vegvesenet sett foten ned.,

Feltet er regulert med gang og sykkelsti på austsida av fylkesveg, noko som betyr at tomtene i feltet som nå er opparbeida på vestsida må kryssa fylkesvegen to gonger for å gå til dømes til skulen og butikken.

Holmastø AS har søkt om å flytta gangforbindelsen til vestsida av vegen for å gjera denne tryggare, og enklare.

- Tomtene er ferdige til overlevering men me ynskjer å flytta gang- og sykkelstien til vestsida av vegen for å gjera tomtene meir attraktive. Alle ser eigentleg at dette vil vera ei meir fornuftig løysing, altså å få gang – og sykkelsti same side som dei opparbeidde tomtene. Då vil ein kunne få ein gjennomgåande gang -og sykkelsti ifrå byggjefeltet og heilt til skulen, seier Asgeir Ladstein, som er utbyggjar av feltet.

,-

Kva er problemet å flytta gang-og sykkelstien?

- Det er rekkefølgjekrava som seier at gangforbindelsen må opparbeidast før ein kan flytta inn. Eitt hus har fått dispensasjon frå dette kravet, men kommunen betalar ikkje for tomtene dei har kjøpt før gangforbindelsen er ferdig. Me har søkt om å få utsetta overleveringa av tre tomter til kommunen i inntil eitt år for å kunne få ferdig gangforbindelsen på vestsida av fylkesvegen. Rådmannen og Stavanger kommune er positive til forslaget, men Vegvesenet krev at endring av gangforbindelse vert gjort med ein litt meir omfattande og tidkrevjande planprosess. Dette vil utsetta tidspunktet for når tomtekjøparane kan flytta inn, seier Ladstein.

Oddbjørg M. Måland

Publisert: