Er øyane til å kjenna igjen?

Det har skjedd store endringar både i bebyggelse og landskap på øyane sidan gamle dagar.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Det dokumenterer Roy Høibo og Lise Bjelland i den nye årboka frå Ryfylkemuseet.,

- Me har funne fram gamle bilete frå heile Ryfylke, mange er også frå Finnøy og Rennesøy, og fotografert dei same plassane i dag for å visa korleis det ser ut nå, opplyser Høibo til Øyposten.

- I årboka ser me både på Judaberg og Vikevåg, men også landskap og bebyggelse elles på øyane. Det som slår oss er at det er store endringar, spesielt i sentrale område, seier Høibo.

- Vikevåg ber til dømes preg av at Rennesøy har utvikla seg til å bli eit boligområde for folk som jobbar i byen.

På Judaberg ser vi at kommunesenteret er blitt sterkt utbygd sidan 50-talet. Det har kome ny ferje- og hurtigbåtkai, drivhusnæringa er godt synleg, medan Bethel ligg som eit sentralt omdreiingspunkt både då og nå, påpeikar Høibo.

Ideen har vore å finne fram gamle foto frå fotoarkiva, og ta nye foto i dag for å visa endringar i landskapet over kort eller lang tid. Dei eldste bileta er over hundre år gamle, dei nyaste frå tida etter krigen.

Det er foto frå alle kommunane i årboka, kring 16-17 av desse frå Finnøy og Rennesøy.

Høibo, som er førstekonservator i Ryfylkemuseet, er forfattar av den nye årboka, medan Lise Bjelland er fotograf.

Rune Nedrebø

Publisert: