To dagars søppelaksjon i strandsona, innbrakte heile 2,8 tonn søppel

Ein to dagars offensiv med plast- og søppelrydding i strandsona på Mosterøy og Bru, innbrakte heile 2,8 tonn søppel.Dei 18 «Bigbag»-sekkene med avfall, måtte fraktast bort med helikopter.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Det er prosjektleiar for marin forsøpling i Ryfylke Friluftsråd,Kjersti Kesper som koordinerer aksjonen.Ho hadde via ein eigen Facebook -aksjon rekruttert heile 35 frivillige frå Mosterøy og Bru til å bli med på ryddeaksjonen.Både representanten frå Friluftsrådet og dei mange frivillige som deltok, er svært overraska over dei enorme mengdene med plast og søppel dei fann.,

-I løpet av kort tid har me kartlagt dei enorme mengdene med søppel som ligg ved kyststrekningen i området langs Bru.Desse øyane ligg ytterst i Ryfylke,og samlar opp enorme mengder plastavfall som har skylt i land over tid.Me finn posar,flasker,skøyteledning,q-tips,armeringsfiber,isopor, tau og garnrestar.

-Det meste kjem nok frå lokale område rundt øyane, og noko frå havet, fastslår prosjektleiar Kjersti Kesper.

Publisert: