Har slanka seg klar for Ryfast-blodslit

Ryfylkekokken Frode Selvaag har både slanka og trent seg for å klara 21000 meter med blodslit i Ryfastløpet i helga. Både Finnøy og Rennesøy stiller med solide kontingentar på startstreken.

Frode Selvaag er bare ein av mange frå øyane som skal springa gjennom Ryfast laurdag.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

På laurdag går startskotet for fem historiske løp gjennom den lengste og djupaste undersjøiske vegtunnelen i verda.,

Til saman har 7500 personar meldt seg på løpa, eit halvmaraton, to barneløp og to rulleskiløp. Ikkje uventa er det halvmaraton det knytast mest spenning til, og fleire nye, og mange meir rutinerte løpsentusiastar frå Finnøy og Rennesøy, blir å finna på startstreken.

Blant anna stiller familien Eike frå Halsnøy sterkt, veldig sterkt. Familietrioen utgjer faktisk 75 prosent av deltakarane som har meldt seg på under fana Halsnøy. Jan Sigve har utfordra sønene Jarle Sigbjørn (25) og Hans Runar (23)

- Eg har ikkje trena spesielt mykje, skikkeleg målretta berre dei dei siste tre månadane så eg reknar med dette kan bli ganske så tøft. Men eg har sagt a og må seia b. Eg gler meg faktisk, sjølv om eg veit at eg vil bli akterutseglt av gutane, målet mitt er å fullføra, fortel Jan Sigve.

Kankje endå meir overraskande er det at Ryfylkekokken, Frode Selvaag og fru Cathrine stiller til start.

- Eg vart påmeld utan at eg visste det. Ikkje noko anna har eg kvia meg meir for enn dette løpet, seier Frode.

- Fortel?

- Heilt tilfeldig nemnte eg ein gong for Cathrine at det kunne kanskje kunne vore tøft å prøvd seg på Ryfastløpet. «Tulle» du?, svara Cathrine. Ho såg tydeleg ikkje føre seg det som aktuelt. Ja, svara eg, eg gjer det, eg berre tullar. Deretter gløymte eg heile Ryfastløpet, heilt til påmeldingsbeviset låg under juletreet i fjor. Til meg ifrå Cathrine. God jul. Dermed rauk den jula, ler Frode som held fram: Eg hadde jo ikkje anna val enn å hiva meg uti.

Og han har teke oppgåva seriøst.

Tre gonger i veka spring Frode mellom 6 og 15 kilometer, noko som har forbetra kondisen betrakteleg, det same kjenner han på helsa og ikkje minst på vekta.

- Slik sett er jo dette veldig bra. Ulempen min er at eg har sprunge lite ute, det har helst blitt på tredemølla mellom sauskoking ag andre gjeremål. Det viktigaste for meg er å komma i mål, og eg går ikkje for stilpoeng.  For sikkerheits skuld har eg minna fadrane til borna på kva oppgåver dei ha, om noko alvorleg skulle skje på laurdag. Eg skal sjølvsagt gjera mitt yttersta for å gjennomføra, slik at eg kan skryta av dette resten av livet.

,-

Taktikken, er den hemmeleg?

- Nei, eg kjem til å starta roleg ut, og porsjonera kreftene gjennom heile distansen, slik at eg har sjans til å klara motbakken på slutten. Kroppen min fungerer som ein dieselmotor; når den fyrst blir varm, kan den gå lenge, difor satsar eg på å stå løpet ut, smiler Frode.

Oddbjørg M. Måland

Publisert: