Dette blir rådmannen sin nye jobb

No veit finnøyrådmann Karin Dokken Austvik kva ho skal gjera frå nyttår.

-Me har god dialog med politikarane, meiner Finnøy-rådmann Karin Dokken Austvik, her saman med ordførar Henrik Halleland.|Tidlegare rådmann i Finnøy, Karin Dokken Austvik, er tilsett som ny kommunedirektør i Suldal
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Når Stavanger, Finnøy og Rennesøy slår seg saman, mistar ho jobben som rådmann, men no har ho fått seg ny jobb. Ho har lova å vera den siste som forlet skuta i gamle Finnøy kommune og no har ho fått seg ny jobb i den nye kommunen.,

-Eg har i dag takka ja til ei fast stilling i Nye Stavanger kommune, der oppdraget er ei toårig stilling som prosjektleiar for «Kunnskapsbyen Stavanger» og Ullandhaug 2023, som er ei heilskapleg utvikling av Ullandhaugområdet, fortel Dokken Austvik til Øyposten no i dag.

–Prosjekta og arbeidet heng nært saman og skjer i samarbeid med Universitetet i Stavanger, Stavanger Universitetssjukehus og Rogaland Fylkeskommune. Dette er eit utruleg spennande arbeid, og eit arbeid som gir synergiar for heile regionen vår. Eg er stolt og glad over å få bidra i dette, og eg gler meg til å ta fatt i Stavanger etter at reisa med Finnøy kommune no er slutt den 31.desember 2019, avsluttar Karin Dokken Austvik, som starta i jobben som finnøyrådmann i 2017.

Publisert: