Det er berre å finne fram sparekniven

Politikarane fekk mykje å tenka på i sitt aller siste møte i Fellesnemda i dag.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Pluss og minus gir minus til slutt. Stavanger kommune får rundt 300 millionar kroner meir i frie inntekter frå staten i 2020, og det er jo godt nytt for prosjektdirektør Kjartan Møller, som orienterte om den økonomiske situasjonen i Fellesnemda i dag.,

-Men lønnsoppgjeret kostar oss 247 millionar og integreringstilskotet blir 47 millionar lågare, og då nullar det ut auken i dei frie inntektane, sa Møller - før han signaliserte nye behov og diverse kostnader på rundt 200 millionar kroner i 2020. Så drifta må ned med med minst dette beløpet, og i tillegg må det kuttast i investeringane - som no ligg rundt 6,4 milliardar. Dette blir den viktigste oppgåve til det nye kommunestyret.

Møller kunne elles informere Fellesnemda om at utfordringane med å meisla ut ein ny eigedomsskatt, berre veks. Regjeringa har signalisert ei ny lov. Takseringa i Finnøy er ikkje starta, og i tillegg skal alle næringseigedomar i Stavanger, Rennesøy og Finnøy bli registrert. Alt dette må vera på plass innan 30. juni 2020. Viss ikkje står Stavanger i fare for å få underkjent sin eigedomsskatt for 2020 - eit beløp på 283 millionar kroner.

Prosjektdirektøren signaliserte også at det vil bli lagt fram forslag til ein ny strategi når det gjeld kollektivtransporttilbodet i kommunen. Ein strategi som tek inn over seg ein ny geografi og nye behov for dei som bur på øyane. Dette handla blant anna om at HjemJobbHjem-ordninga også skal gjelda for båt, og at "hent meg-prosjektet" kan bli gjeldande også i Finnøy og Rennesøy.

Publisert: