På fem år er omsettinga meir enn dobla

2018 blei eit knallsterkt år for Finnøy Betong AS.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Aldri har omsettinga vore høgare og aldri har overskotet vore større. Omsettinga passerte for første gong 70 millionar og ende på 78, 2, medan overskotet blei på 9,8 millionar, og då er dagleg leiar Lars Jøran Flesjå fornøgd:,

-Jo, det blei eit godt år. Me pressa produksjonslokal og mannskapet maksimalt heile året og fekk lønn for strevet. Dei tilsette fekk lønstillegg, og 3.oktober tek med heile gjengen med  på firmatur ti Polen, fortel Flesjå, som meiner ein må sjå på resultata over tid:

- Me har også hatt dårlege år. I 2018 gav oppgangen i oljeprisen høgare aktivitet, slik at me kunne halde normale prisar på betongelementa våre.

Det gode driftsresultatet gav eit årsresultat på heile 7,5 millionar, og det gav moglegheit til å ta ut eit heftig utbytte på 6 millionar kroner. Dette er imidlertid ikkje pengar som gjer eigarane rikare. Dette er ei overføring til morselskapet, Finnøy Betong Holding AS, der det blir sett av til framtidige investeringar i verksemda på Flesjå.

FINNØY BETONG AS

Dagleg leiar: Lars Jøran Flesjå

Styreleiar: Kristoffer Østhus

Omsetting 2018: 78,2 mill

Omsetting 2017: 68,5 mill

Omsetting 2016: 54, 0 mill

Omsetting 2015: 59,3 mill

Driftsresultat 2018: 9,8 mill

Driftsresultat 2017: 4,3 mill

Driftsresultat 2016: 186.000

Driftsresultat 2015: 5,5 mill

Eigenkapitalandel: 30,4 %

Publisert: