Gode nyheter for idretten i Finnøy

Det er fordeler med å gå inn i ein ny kommune.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Når Finnøy frå nyttår blir ein del av Stavanger, vil situasjonen bli ein del andre for dei private idrettsanlegga. Fleirbrukshallen på Judaberg vil får eit tilskot på 150.000 kroner i 2020, noko som er meint som eit årleg tilskot. Pengane går til å subsidiera trening for barn og unge, slik at dette blir gratis for ein klubb som Finnøy IL, til dømes.,

-Ei fin ordning, som eg trur vil gjera at Finnøy IL brukar hallen meir, og på den måten gir oss større inntekter. Me har ledige timar i hallen, spesielt etter skuletid, seier Arild Flesjå i Fleirbrukshallen.

Han er usikker på om ordninga gjeld berre idretten, eller også andre lag og organisasjonar som driv aktivitet for barn og unge, og har difor stilla nokre spørsmål om dette til Stavanger kommune.

Publisert: