"Dette er ikkje godt nok for oss"

Dei første signala frå valet i Stavanger tyder på at Arbeiderpartiet blir største parti. Finnøyordførar Henrik Halleland er ikkje fornøgd så langt.

Dagny Sunnanå Hausken, varaordførar.|Finnøy-ordførar Henrik Halleland ville vore ein god mann å ha når framtida for øyane står på dagsorden i byen.
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Klokka 21.00 kom dei første tala for Stavanger på valsendinga til NRK og Stavanger Aftenblad, og Arbeiderpartiet har 24,2 prosent av stemmene når 30 prosent av stemme er telt opp.,

- Vi tek med oss FNB inn i forhandlingane, seier ordførarkandidat Kari Nessa Nordtun til NRK.

Slik ser mandatfordelinga ut - basert på dei første tala:

Høyre: 15 mandat

Arbeiderpartiet: 16

Senterpartiet: 3

MDG: 5

FNB: 7

KrF: 2

Frp: 6

Rødt: 5

SV: 4

Venstre: 3

Andre: 1

Både Senterpartiet og KrF hadde nok håpa på betre tal.

-Dette er ikkje godt nok, men me veit at det er mange stemmer igjen å tella opp, seier Henrik Halleland (KrF) til NRK i ein kommentar til tala.

-I dag har me ein representant og no legg me an til tre. Det er stor framgang, seier Dagny Sunnanå Hausken (Sp) til NRK.

Publisert: