«Dei har mykje å læra oss om inkludering og læring»

Skulefritidsordninga på sentralskulen fekk storfint internasjonalt besøk her om dagen.

|
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Ei breitt internasjonalt samansett gruppe av masterstudentar frå både Japan, Australia, fleire afrikanske land og Storbritannia, som studerer «Nordic master program in social work and welfare» ved universitetet i Stavanger, (UIS), besøkte fredag skulefritidsordninga ved Finnøy sentralskule.,

-Faget som dei fokuserer på i samband med dette besøket heiter, «Ethical Reflections in Contextual Social work»(Etiske refleksjonar i kontekstuelt sosialt arbeid), fortel dagleg leiar Ayna Camilla Eno. -Dei er spesielt interessert i å høyra om arbeidet vårt rundt verdiar, medverknad, nyfikenheit og fleirkulturelle forhold. Fredag fekk dei ei brei og grundig innføring i korleis ein driv skulefritidsordninga ved Finnøy sentralskule, og ei omvising ved skulen.

Og den fleirkulturelle og svært så internasjonalt samansette gruppa frå mest alle verdsdelane, let seg imponera over det dei fekk sjå og høyra. I motsetnad til både den japanske, britiske og australske skulen og skulefritidsordninga, så er det i  desse landa lagt meir vekt på teoretisk læring og einvegskommunikasjon også blant dei aller minste. Då også  med lengre dagar på skulebenken for dei alle minste, enn kva tilfelle er her i landet. I den norske modellen, er det langt meir rom for leik og individuell medverknad og kreativitet, skaparkraft, refleksjonar  og dialog. Det ga dei studentane me snakka med, også uttrykk for var veldig positivt, og ikkje minst viktig for borna i denne alderen.

-Det er veldig viktig å gi rom for slike forhold, der ein legg særleg vekt på sosialisering, og dette med å ta omsyn til kvarandre og å læra seg forståing for at me alle er ulike, påpeika dei to representantane frå Australia og Storbritannia.

-Det er fantastisk at borna her i landet og i Finnøy har eit slikt tilbod. Min draum er at me kunne få til noko liknande også i mitt heimland på sikt. Eg vil difor arbeida veldig hardt for at det skal skje når eg kjem tilbake og etablerer meg i Nigeria, sa den eine av dei to kvinnelege representantane frå Nigeria.

-Dei nordiske demokratia og tankesettet har mykje å læra oss i måten dei driv inkludering og læring på, meinte den mannlege australske studenten før han saman med alle dei andre medstudentane sette seg til bords saman med dei minste borna på vennskapskafèn.,Aldri har vel kulturell og sosial ulikskap vore breiare representert enn akkurat denne dagen rundt spiseborda i SFO-en ved Finnøy sentralskule.

Jon Asgaut Flesjå

 

Publisert: