«Det som skjer, skal stå i Øyposten», seier ny redaktør

Den nye redaktøren i Øyposten har lang og brei erfaring.

Rune Nedrebø (th) er ny redaktør i Øyposten. Det er styreleiar Stephan Dickinson godt fornøgd med.|
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Rune Nedrebø veit mykje om kva han går til når han tek over som redaktør i Øyposten.,

- Eg har sans for gode lokalaviser. Dei er ein berikelse for eit lokalsamfunn, så då eg blei spurt, kjente eg at det rykte litt i journalistfoten. Det skjer mykje spennande med Finnøy og Rennesøy i kommunesamanslåinga, og det er kjekt å få vera på orkesterplass i denne utviklinga, seier Nedrebø.

- Kva utfordring gir kommunesamanslåinga ei lokalavis som Øyposten?

- Når beslutningane blir teke i byen og avstanden til makta aukar, trur eg rolla til lokalavisa blir minst like viktig som i dag. Me skal fortsette å vera eit talerør.

Han har eit langt avisliv bak seg i Stavanger Aftenblad. Nedrebø jobba som journalist i regionavisa i 30 år, med næringsliv og spesielt landbruk, i samfunnsavdelinga der han jobba mykje med politikk og fire år på Oslo-kontoret, der han dekte Stortinget. Han har si leiarerfaring som avdelingsleiar i Aftenbladet.

- Kva skal Øyposten vera, meiner du?

- Ein møteplass der øyfolk i to kommunar søkjer nyheiter – og får vite litt om naboen. Lokalavisa skal vera lim i samfunnet. Det som skjer skal stå i Øyposten.

Rune Nedrebø kjem inn i ei avis som har endra mykje det siste året. Korleis vil han byggja vidare på det?

- Eg kjem til ei avis i medvind. Samstundes ser eg ein del upløyd mark, i høve stoff frå Rennesøy og øyane i Finnøy.

- Kva tek du med deg inn i denne jobben?

- Eg kjenner lokalsamfunnet, både i Finnøy og Rennesøy. Og eg har 30 år med brei journalistisk erfaring, seier 65-åringen, som vaks opp på Sjernarøy og har ein fritidsbustad der. Han startar i stillinga 30. september.

Styreleier i Øyposten, Stephan Dickinson, er godt fornøgd med tilsettinga:

- Rune har den erfaringa som skal til for å ta avisa vidare. Me har gjort mykje bra, og han har klare tankar om korleis me skal utvikla oss framover.

Edd Meby

 

Publisert: