Veksthus + olje = kan bli ein revolusjon

Eit fireårig forskingsprosjekt under namnet «BioFresh» byrjar no å gi synlege resultat.

|Biogass og elektrifisering kan bidar til det grøne skifte i den lokale tomatnæringa. Då må energiseslkapet Lyse As bidra langt sterkare meiner Stavnger KrF.
Foto: Jon Asgaut Flesjå
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Prosjektet i regi av NIBIO Særheim har som hovudmålsetjing å produsera ferske norske veksthusgrønsaker på ein bio-økonomisk og berekraftig måte, viser alt no at ein har klart å nå målsetjinga om å utvikla ein teknologisk og berekraftig produksjon utan bruk av fossil energi, kjemiske plantevernmiddel og utslepp av CO2 og andre næringsstoff.,

I det nye forskingsveksthuset til om lag 20 millionar kroner, som vart offisielt opna av dåverande landbruksminister Bård Hoksrud i september i fjor, oppnår  forskar Michel Verheul og kollegaene hans, i  det såkalla lukka produksjonssystemet, tomatavlingar som verda aldri har sett maken til. Det vekkjer også internasjonal oppsikt.

- Under ein større internasjonal konferanse med over 600 deltakarar som eg var invitert til no i vår,  vekte prosjektet vårt og resultata så langt stor interesse og oppsikt frå både USA, Holland/Belgia og fleire arabiske land. Og eg er også sikker på at norske tomatprodusentar kan bli best i verda på å dyrka tomatar på den mest berekraftige måten, og  med minst klimaavtrykk per kilo produsert tomat i framtida, slår Michel kategorisk fast.,Nøkkelen ligg i bruken av kjent teknologi for CO2- fangst frå selskap knyta til olje – og gassindustrien, heilårs lysproduksjon, og ein utstrekt bruk av luft til luft varmepumper til både oppvarming og nedkjøling av veksthuset på Særheim.

Utanfor det nye forskingsveksthuset står det oppmontert ein større containerliknande kasse som det oljeserviceselskapet «Green Cap» eig. Teknikken som blir brukt er den same som i si tid vart brukt til CO2-fangst ved oljeraffineriet på Mongstad nord for Bergen.

-Og det fungerer, smiler Michel og fortel at ein tek ut CO2 frå atmosfæren som har ein konsentrasjon på 400 ppm eller 0,4 promille.

- Denne blir så «komprimert opp» slik at den får ein konsentrasjon på 1200 ppm(1,2 promille) og blir så ført inn i den lukka veksthusavdelinga saman med kaldlufta som eit større varmepumpeanlegg sender inn i for å kjøle ned veksthuset. Det er denne CO2-konsentrasjonen som er det optimale for fotosyntesen i tomatproduksjonen, forklarar han medan sola varmar både folk og plantar ute på tunet på Særheim ein fin sommardag i juli.

Men når me litt etterpå blir beden inn i det «aller heilagste» og det nye forskingsveksthuset, er det eit behageleg klima som møter oss trass i at alle luftelukene er nede. For slik er det ikkje tradisjonell tomatdyrking og veksthusproduksjon i dag. Der blir luftelukene kjørt til topps for å oppnå den rette temperaturen på dagar som denne.

- Me prøver å optimalisera alle forhold som tomatplanta «etter boka» og i teorien skal ha, forklarar Verheul og legg ut om både bruken av kunstig lys av ulike fargar og bølgelengder, regulering av temperatur, vatn- og næringstilførsel gjennom døgnet og mange andre målingar og parameter som er lagt inn for å registrera og optimalisera produksjonen. Og Michel og kollegaene hans har alt no vist at dei ser ut til å lukkast i sine ambisiøse mål. -Her står det eigentleg berre igjen å ta vare på energien me sender ut gjennom nedkjølinga av veksthuset for å nytte den når me har behov for varmetilførsel. Men den teknikken kjenner me godt til alt i dag frå moderne heilårs tomatproduksjon.,Og for ein lokalavisjournalist i tomatkommunen, som bokstaveleg tala har hatt tomatar på maten i heile sitt liv, og som har vore tett på utviklinga i næringa i fleire tiår, kan me ikkje anna enn å late oss imponera.

-Og så kjem me til det klassiske spørsmålet om kva avlingar det oppnår i dette lukka og optimaliserte produksjonssystemet

?,

-Ja, det er jo det som er så spanande og eigentleg revolusjonerande, smiler Michel og fortel om tomatavlingar sidan oppstarten som i løpet av eitt år kan koma opp i 120 -130 kilo per m2.-Det er 150 % meir enn det som er ein topp avling i ein tradisjonell tomatproduksjon i dag, og det ingen på denne kloden som har oppnådd tidlegare, seier Verheul og trekkjer pusten.- Og ser ein dette i eit globalt, berekraftig og klimavennleg perspektiv, vil det heller ikkje vera nokon som kan konkurrera med oss her på sørvestlandet under dei normale rammevilkåra som me har i dag. For når ein gjer opp klimarekneskapen og analyserer klimaavtrykket i eit større perspektiv, er det ikkje nokon plass i verda at ein kan oppnå slikt klimarekneskap per kilo produsert tomat, slår Verheul fast og ber om å bli trudd på dette.

- I Spania er det vatn som blir framtidas utfordringar og grøn energi er dyrt. I Holland, som er det andre landet norske produsentar konkurrerer med er all oppvarming basert på fossilt brensel som gass, og rein energi til bruk av lys er veldig dyrt. I Norge, derimot, har me både nok vatn og grøn og relativt billeg energi frå vasskraft som gjer at me kan gi kunstig lys i produksjonen året rundt. Når då analyser og objektive undersøkingar viser at norske tomatar også smakar best, ja- då der eg lyst på framtida for norsk tomatproduksjon, slår Michel fast.

-Men med så mykje teknisk utstyr til både CO2 fangst, lys, nedkjøling og oppvarming og anna avansert teknisk utstyr, så må jo dette produksjonssystemet bli ekstremt dyrt?

-Ikkje avskrekkande dyrt når ein ser kva avlingspotensiale som ligg her. Med slike avlingar vil mellom anna opplegget med CO2 fangst vera nedbetalt på to år, har eg fått opplyst frå dei som har installert systemet. Varmepumpeteknikken kjenner me til, og når ein då i tillegg også alt i dag har eit opplegg for varmebuffertank der ein lagrar og nyttiggjer seg overskotsvarmen i dei periodane ein tren den, så er dette realistisk. Og sjølv om parallellane ikkje er heilt like. Så er jo dette med lysproduksjon av agurk i Norge i dag eit kjent opplegg som dei fleste nyttar seg av. Også her er Norge på topp når det gjeld avling, og heile 70% av forbruket vert no dekka av norskproduserte agurkar. På tomat har me berre ei sjølvforsyning  på vel 30% . Det fortel eigentleg alt om kva potensiale som ligg i klimavennleg norsk tomatproduksjon i framtida, slår den innovative forskaren ved NIBIO Særheim igjen fast.

Jon Asgaut Flesjå

 

Publisert: