Politikar i De Kristne vil ha fjerna partikollega

Politikar frå Partiet De Kristne kalla 13-åringar for «hjernevaska».

|
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Det kjem ein del kraftige reaksjonar i Finnøy på oppførselen til politikar Kjell Skartveit frå Partiet De Kristne (PDK) under Tomatfestivalen sist helg. Det gjekk heitt føre seg på standen til PDK på laurdag. Stavangermannen Kjell Skartveit er nummer 2 på partiet si liste til kommunevalet og var involvert i fleire harde diskusjonar, både med politikarar frå andre parti og forbipasserande.,

- Eg snakka med han og me har jo veldig ulikt syn på det meste, og eg må seie at eg blei litt provosert over måten han argumenterte på, fortel Nils Petter Flesjå, som sto på nabostanden for Høyre.

Temperaturen steig fleire hakk då ein gjeng med fire unge jenter stoppa på PDK-standen, og diskusjonen kom inn på homofili, samliv og kjønn.

- Eg høyrte kva som vart sagt. Jentene svara godt for seg, men eg klarte ikkje å halda meg vekke då Skartveit sa at dei var hjernevaska av lærarane. Det er ikkje greitt å seie slikt, eller oppføre seg slik han gjorde. Som vaksen må han argumentera på ein annan måte, meiner Flesjå.

Skartveit sin partikollega, Karl Magnus Landa, som sjølv er frå Finnøy, sto på stand saman med Kjell Skartveit, og likte heller ikkje det han var vitne til:

- Slik oppførsel er ikkje greitt, og eg blei ganske flau over det Skartveit sa og gjorde, seier han til Øyposten, men Landa reagerte ikkje berre der og då:

- Eg har sendt ein e-post til leiinga i Partiet De Kristne der eg har sagt frå at Skartveit må bort frå lista vår til kommunevalet. Viss ikkje vil mi stemme gå til eit anna parti, sjølv om eg fullt ut støttar politikken til PDK.

Faren til ei av jentene som blei kalla for hjernevaska har i ettertid sendt ein e-post til Ryfylke Livsgnist, der han ber arrangøren om å gi beskjed til Partiet De Kristne om at oppførselen til Skartveit ikkje er akseptabel. Arbeiderpartipolitikar Jon Olav Runestad frå Finnøy fekk også med seg delar av det som skjedde:

-Me vaksne kan godt diskutera så fillene ryk, men dette er unge menneske og då må ein forventa noko betre enn det Skartveit viste. Eg håper eg aldri ville gjort noko liknande på stand-uansett kor provosert eg måtte ha blitt. Me som drevne politikarar må heller lytta til desse unge samfunnsinteresserte skuleelvane enn å møte dei med religiøse eller politiske dogmer. Det kan lett bli  rått spel, seier Runestad

«Dei var svært aggressive»

Kjell Skartveit angrar ikkje på at han kalla ungdomane for hjernevaska.

- Det er eit sterkt omgrep, eg burde nok sagt at deira meiningar var et resultat av politisk vilje og opplæring i skulen, men i situasjonen blei det til at eg nytta det omgrepet, og desse jentene var svært aggressive. Dei stod å brølte meg opp i ansiktet.

- Men du er jo voksen. Bør du ikkje tole det?

- Som sagt, dei var ikkje mottakelege for argumenter, og det var ikkje meint som et angrep på dei, men som ein forklaring på kvifor dei for eksempel avviste trua på eigenskapar til mann og kvinne som ein biologisk realitet.

- Korleis reagerer du på at din partikollega, Karl Magnus Landa, sa han var flau over di framferd?

- Det får han stå for.

- Han har bedt partiet om å fjerna deg frå partiet si liste til kommunevalet?

- Eg skjønar det ikkje, men har ikkje noko problem med det.

- Har du fått reprimande frå partileiinga etter det som skjedde?

- Det har eg ingen kommentar til.

Publisert: