Alexandra har dobla omsettinga

– Eg tykkjer det er viktig at politikarane lyttar til oss gründarar, og får vita kva for utfordringar som finns i kvardagen, fortel Alexandra Ciuciu, som går med ein draum om å utvida verksemda si.

|
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Tysdag var Venstre i Stavanger ute på ein «gründerturné« i Rennesøy og Finnøy. Ordførarkandidat Jan Erik Søndeland stilla mannsterkt med stortingsrepresentant Grunde Almeland, ungdomskandidat Bjarte Espeland Horpestad, og Almeland sin rådgjevar, Idunn Helle. I Rennesøy gjekk turen innom Alchemilla, drivhuset til Elin Rydningen, og etterpå til Alexandra Ciuciu som driv Finnøy pizza på Judaberg.,

- Eg har lyst å starta med sal av kaffi og kaker, i tillegg til pizza. Problemet er at eg treng større lokale og har difor lyst å ta bruk heile underetasjen, seier Alexandra, som har dobla omsettinga etter at ho overtok pizzarestauranten etter bror sin for to år sidan.

Om det skuldast at ho har byrja med utkøyring av pizza, eller at det berre er fleire kundar innom, veit ho ikkje. Snart skal ho snakka til 10. klassingane på Sentralskulen om det å vera grunder.

,-

Kvifor denne sjarmoffensiven i distrikta, Søndeland?

- Me ynskjer å styrka næringslivet i denne delen av den nye kommunen. Me vil finna ut kva hjelp gründarane får i forhold til oppstart, rådgjeving og oppfylging. I den forbindelse har me utvikla ein del tiltak som skal gjennomførast lokalt. Venstre er eit typisk distriktsparti med lang grundererfaring, der me har god erfaring med små og mellomstore bedrifter. Viss folk skal kunne fortsetta å bu i Rennesøy og Finnøy, må me ha arbeidsplassar det går an å leva av. Difor ynskjer me å legga forholda til rette så godt som mogleg for dei som ynskjer å skapa nye arbeidsplassar i distrikta. I tillegg må kvardagen for dei eksisterande verksemdene forenklast mest mogleg. Dei fleste me har besøkt fortel i større og mindre grad om dei same utfordringane.

,-

Og det er?

- Utfordringar med å finna eigna lokalar, og økonomi, dei to tinga går igjen. Det som kjem fram av interessante opplysningar etter desse samtalane med gründarane, tek me med oss tilbake og får dei inn i næringsplanen for nye Stavanger.

Oddbjørg M. Måland

Publisert: