Jo, det blei akkurat den festen dei håpa på

Tomatfestivalen kort oppsummert: Ei einaste store fest frå ende til «aen».

|Det tradisjonsrike Griegløpet på Finnøy kan stå i fare. Her frå eit tidlegare arrangement.
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Litt meir oppsummert: Tacofest, quizfest, løpsfest – ja ein skikkeleg folkefest. Omtrent slik beskriv Tomatfestivalsjef Silje Vignes, årets festival.,

- Alle arrangementa hadde fleire besøkande enn me hadde håpa på. Kor mange som var innom på sjølve festivaldagen veit me ikkje ennå, men me er godt nøgd. Til og med vêret på laurdagen blei brukbart, det var fint mange gonger, fortel Silje.

- På tacoen fredag kveld var det rundt 600 som var innom og forsynte seg frå eit bugnande bord. På quizen var det 200 som deltok, og på discoen var det 220 born og unge. For ikkje å snakka om Grieg-løpet. Aldri før har så mange stilla til start. Også frå utstillarane har me fått tilbakemeldingar om godt sal, og det same frå serveringsstadene. Folk over seg av begeistring, og strør om seg med lovord og gratulasjonar til alle som har vore involvert og bidrege til ein fantastisk festival.

,-

Var det ingenting som skar seg på noko tidspunkt?

- Nei, faktisk ikkje. Sjølv om det alltid er ting me kan gjera betre, og me er allereie godt i gang med evaluering, og noterer ned punkt som kan bli betre til neste år, avsluttar festivalsjefen.

Oddbjørg M. Måland

Publisert: