Det er mykje meining i frivillig arbeid

Det ser ut til å bli ein aktiv haust for Frivilligsentralen.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Mange av dei aktivitetane fortsett som før sommaren, men noko er nytt. Leiar Ragnhild Valand, seier at Frivilligsentralen vil halda fram som no, også etter kommunesamanslåinga 1.januar neste år. 22.august kjem Atle Melangen, rådgjevar for frivillig arbeid i Stavanger, til Finnøy for å orientera lag og foreiningar om tilskotsordningar i Nye Stavanger.,

På sjukeheimen er turdagen endra frå onsdagar til måndagar, men opplegget er på same måte som før.

Elles har natteravnane starta opp igjen etter ferien. For tida er det 48 natteravnarar i kommunen, men Frivilligsentralen ynskjer seg fleire.

Sjekk ut frilager.no. Ein super nettportal for utleige/utlån av friluftsutstyr. Ei bod er sett opp utanfor Fleirbrukshallen for ut -og innlevering av utsyr.

Datatreffet fredager er ope for alle som lurer på noko med mobiltelefon, nettbrett eller pc. Oppstart fredag 23. august kl 10.15. Elles er småjobbsentralen open heile året, og klare for oppdrag.

Dette er berre litt av dei Frivilligsentralen har å by på. Sjekk finnoy.frivilligsentral.no og sjå kva for aktivitetar som fins.

Publisert: