Er dette grøntområde eller næringsområde?

Det kjem protestar mot kommuneplanen for Reilstad.

|
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Grunneigarane Olav Reilstad og Tone Lise Serigstad Reilstad eig to bruksnummer på kvar si side av kaien på Reilstad. «Som hjemmelsinnehavarar av desse eigedommane, så vil me med dette koma med nokre spørsmål til kommunen:,

Me stiller oss undrande til kvifor dette området ikkje er farga med næringsarealfarge?, Kva for hjemmel er nytta for å leggja arealet i grønnstruktur?, Kva er hensikten med å leggja dette arealet i grønnstruktur?», skriv dei i eit brev til kommunen.

«Me kan ikkje forstå noko anna enn at det tilhøyrande kaiområdet, som i tillegg er offentleg, burde hatt ein fargekode som høver til næringsareal/offentleg. Då handelen hos Reilstad har vore aktiv i fire generasjonar, er dette endå ein grunn til at det er svært vanskeleg å sjå at dette området skal vera grønnstruktur. Det skal og bør dermed absolutt ikkje vera oppgåva vår å søkje om dispensasjon frå arealformålet i kommuneplanen!»

Dei siterer frå kommuneplanen:

«Det skal etablerast gjennomgåande gangforbindelse langs sjøen i grønnstrukturen. Plassering av tursti må ta omsyn til eksisterande bygningar og bruk, landskap og terreng, og kan justerast i forhold til linje i kommuneplankartet. Det kan leggast til rette for leik og allment uteopphald i grønnstrukturen. Eksisterande næringsbygg, småbåthamn, naust, bustadar og fritidsbustadar som ligg i grønnstruktur kan oppretthaldast. Påbygg og tilbygg til desse er tillate. Etablering av nye bustader eller fritidsbustadar vert ikkje tillate. Innanfor områda G1, G2 og G3 skal det sikrast allmenn ferdsel og bruk. Tiltak som privatiserer desse områda vil bli vurdert fjerna eller tilbakeført».

Grunneigarane er redd for ta dette betyr at dei må søke om dispensasjon om dei vil gjera noko i området, og signaliserer at dei krev at Finnøy kommune sett næringsfarge på kaien på Reilstad så fort som mogleg: «Dette må skje før kommunesamanslåinga! Me forlanger ein skriftleg garanti frå kommunen om at dette ikkje skal vera eit problem for næringa vårverken no eller i framtida! Dersom ikkje dette blir retta opp i, kjem me til å vurdera ei rettsleg forfølgjing», heiter det i brevet.

Publisert: