Vakkert og stemningsfullt i Hesby Kyrkje

Etter ein  intens ,hektisk og vellukka festivaldag, med fleire tusen besøkjande i Judaberg sentrum, var det også mange som hadde funne vegen til Hesby kyrkje laurdag kveld ,for å senka skuldrene og lytta til vakker song og musikk frå Hilde Svela.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Og den vakre og tradisjonsrike 900 år gamle kyrkja var mest fullsett, då Klepp-dama med ei fortid i Oslo Gospelkor, inntok podiet.Der blei det også gjensyn og duettsang med årets hovudgjest under Tomatfestivalen og tidlegare kormedlem, Jan Erik Larsen.Noko publikum verkeleg viste å setja pris på.Sjølv om det musikalske gjerne var det viktigaste, hadde også Svela eit klart verdibodskap å formidla mellom songane.Også det viste dei mange frammøtte i Hesby kyrkje å setja pris på denne festivalkvelden. I morgon vert Tomatfestivalen 2019 avslutta med den tradisjonelle Finnøymarsjen, og «Grieg- løpet» i Judaberg sentrum,

Publisert: