Mykje folk og god mat

G

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Vêret har bedra seg og festivalområdet er fylt opp med besøkande. Det er tydeleg at Tomatfestivalen byrjar bli kjent blant folk utanfor kommunegrensene. Øyposten har snakka med besøkande frå Stavanger, Bergen, Kristiansand og Austlandet, ja til og med ein venegjeng frå Rottenburg i Tyskland hadde funne vegen til Tomatfestsivalen.,

- Dette minnar mykje om ein typisk countryfestival i Tyskalnd, bortsett frå ølet som manglar. Men til gjengjeld har dei ikkje så gode tomatar.

- Dette er kjempekjekt. Me likar godt tomatar og tykkjer det er kult at dei er gratis, seier tvillingane Mille og Tuva frå Stavanger som er saman med Mimea og Priska frå Finnøy. Jentene poserer villig framføre med kamera, så sant dei får ha tomatar i munnen.

- Me hadde lyst å gjera noko annleis for to av bebuarane våre, difor tok med oss Sannah og Noah hit i dag, begge elskar tomatar og har fått eta mykje allerie, seier Hanna og Maren som arbeider ved Madla avlastingsbolig.

Elles ser det ut til at matbodene har god avsetning. I matteltet ligg lukta av eksotiske matretar som eit bedøvande teppe, det er berre å nyta. Framføre standen med thaimat har det vore meir eller mindre kø sidan serveringa starta. Det same med Ryfylkekokken, og hjå Bremnes Seashore har det gått unna på lakseburgeren og laksetaco. Generelt verkar det som standaren på matbodene er høg.

- Eg bunkrar opp ein del lakseburgar som eg tek med heim og frys, desse er jo dei beste som fins, seier Odd Helga Bø frå Stavanger.

Publisert: