På jakt etter gode historiar

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Kompisane Leif Bond og Martin Jahr frå Oslo er på sykkeltur i Sør-Norge. Sist laurdag starta dei frå Finse, sykla gjennom Hardanger og kom til Finnøy i dag. Etter nokre timar på øya tek dei siste etappe på nattoget tilbake til Oslo i kveld.,-

Kva er historia som har lokka dykk til Finnøy?

- Det som gjorde at me la turen innom Finnøy var at me tilfeldigvis såg ein plakat om Tomatfestivalen. Diverre får me ikkje happeninga med oss, men det høyrtest spennande nok ut til at me ville sjå øya, seier dei to kompisane som er genuint interesserte i få vita så mykje som råd om stader dei besøker.

- Eg har brukt denne turen til å treffa folk som har ei artig, interessant eller spennande historie å fortelja. Ei historie eg kan bruka i jobben min som journalist i NRK. Eg har lært at på Finnøy er det fleire tidlegare tomatbønder som dyrkar nye kulturar i gamle drivhus, det er eit spennande prosjekt som eg kunne tenke meg å ta tak i etter kvart, fortel Jahr.

Etter ein kopp kaffi og gongkake på Kaihuset, skal dei to sykkelturistane bruka dei siste timane til å sykla rundt øya i håp om å få sjå moderne tomatproduksjon live, samt eit gamalt drivhusa som blir brukt til dyrking av andre ting enn tomatar.

- Å reisa rundt på denne måten gjer at me kjem lett i kontakt med nye folk som har gitt oss mange kjekke historiar, fortel kompisane.

Publisert: