To mat or not to mat

– Skal du på Tomatfestivalen?– Kva forhold har du til tomatar?

  • Gudmund Rørheim
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Tina Nådland

Rennesøy

- Ja, det skal eg. Eg skal stå på stand for det nye innbyggartorget for Rennesøy og Finnøy.,- Eg er glad i tomatar, eg dyrkar små tomatar sjølv, og et mest kvar dag.

Marianne Hammer

Finnøy

- I år er eg litt usikker. Eg har vore på tomatfestivalen mange gonger tidlegare, men det som sagt ikkje sikkert det blir i år. Heilt greitt, men tomat er ikkje det besta eg veit.

Marit Seglem Haugen

Rennesøy

- Nei, eg kan diverre ikkje.,- Eg mauler tomatar heile tida, og mest dei små, søte smakstomatane. Aller best likar eg å eta dei heile, og utan noko til.

Hani Omar

Finnøy

Yes, eg skal på tomatfestivalen for fjerde år på rad, men fyrste gong som norsk statsborgar. Eg skal jobba dugnad og ha vakt på parkeringsplassen. Eg likar godt tomatar og kjøper dei direkte frå gartneriet.

Tove Hodnefjell

Rennesøy

- Nei. Eg har vore ein gong tidlegare, og det var kjekt, men eg skal altså ikkje i år.,- Eg likar godt tomatar og bruker mykje både på brødskiva og i salatar. Tomatar er lett å bruka.

Arne Bergøy

Finnøy

- Ja, det skal eg. Så lenge eg kan hugsa har eg vore med på tomatfestivalen. Eg er voksen opp med tomatar. Me hadde tomatar heime på garden før i tida, og i ungdommen jobba eg på tomatpakkeriet på Judaberg som var der kor Byggmixen ligg i dag. Ja, eg har eit godt forhold til tomatar.

Åse Våge

Finnøy

-Ja, eg skal på tomatfestivalen, og eg skal stå på stand for Arak, det har eg gjort dei siste ni åra. Eg likar godt tomatar. Eg lagar tomatpuré av ferske tomatar som eg frys ned og bruker i forskjellige rettar, det er kjempegodt.

Eirik Rønne

Rennesøy

- Nei, den helga har eg andre planar.,- Ketschup. Du skjønar at mor er ikkje begeistra for grønsaker, dermed har me ete lite av det heime hjå oss.

Alf Høines

Rennesøy

- Nei, det skal eg ikkje, eg skal på jobb i Nordsjøen.,- Eg likar best dei søte små tomatane.

Reidun Amdal

Rennesøy

- Eg veit ikkje heilt ennå. Eg får sjå, eg er på farten i heile sommar, så eg får sjå.,- Eg et mykje tomatar og er fast kunde i tomatdrivhuset på Dalaker.

Ottar Østebø

Finnøy

- Nei, i år skal eg ikkje. Ofte er det slik at tomatfestivalen kolliderer med andre ting. Jo, eg likar tomat, spesielt dei søte små.

Martin og Kjell Einar Andreassen

Finnøy

,- Mest sannsynleg er det berre frua og eg som skal på tomatfestivalen i år. Me har hytta på Fogn så me reiser nok over. Tomatar smakar godt på brødskiva og i salaten, men eg et ikkje tomat som eit eple altså. Og Martin, han føretrekk tomatane i pizzasaus og ketchup.

Publisert: