Har aldri skote betre på Landsskyttarstevnet

Folke Helle kom til finalen i si klasse under landets største stevne.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Årets landsskytterstevne gjekk i Evje i Setesdal, og Finnøy Skyttarlag stilla med ei stor tropp: Bodvar Øvrevik, Ole Jan Naaden, Kai Petter Flesjå, Sindre Flesjå, Ordin Mjølsnes (debutant), Reidar Bokn, Kirsten Elin Bergsvik, Per Gunnar Steinnes, Sissel Bokn og Reinert Bokn.,

Bodvar Øvrevik skaut 27 av 30 treff på feltskytinga og kom dermed til finalen i klasse V55, medan Folke Helle fekk 28 treff.

- Eg er svært fornøgd med skytinga. Eg har aldri tidlegare fått 28 treff på landsskyttarstevnet, seier han til Øyposten.

Dei 30 skota på feltskytinga gjekk på forskjellige figurar på avstandar frå 170 til 417 meter.

- Figuren på 200 meter var til dømes på storleik med ein mobiltelefon, illustrerer han.

- I finalen skaut me seks kneståande og seks liggande på 200 meters avstand. Du får 110 sekund på deg, og eg fekk det litt travelt fordi eg feilberekna tida, slik at eg fekk 8 av 12 treff og endte på 35.plass totalt.

For moro skuld var folke Helle også med på det som blir kalla NM i skogsløp med skyting. Det betyr at han etter skytinga sprang seks kilometer jaktstart på 37 minutt. Med den tida blei han nummer 5.

Publisert: