«Det er berre å avpassa fart etter forholda»

Har du køyrt gjennom Finnast den seinare tida har du kanskje opplevd at tunellen er tett av tåke?

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Tåka er så tett at sikta har delvis vore borte. Situasjonen har ikkje ført til trafikale problem, men fleire har sagt til Øyposten at dei ikkje kjenner seg komfortable med situasjonen. Bjørn Fossåen, tunellforvaltar i Statens vegvesen, seier at dei har registrert langt fleire tilfelle no, enn tidlegare.,

- Det er rett og slett så enkelt som temperaturforskjellar. Nokre tunellar er meir utsett enn andre, og Finnfast er ein av desse. Tåka kjem av at det er varmare luft utanfor enn inne i tunellen, dermed oppstår det kondens. I tunellar flest vert lufta sugd inn den eine portalen, og ut i motsett, men slik er det ikkje i Finnfast som har tre løp. Difor er det i  denne tunellen ein større utfordring å få kondenslufta ut, enn det som er tilfelle i mange andre tunellar, seier Fossåen.

- Er det ikkje vifter som kan gjera jobben?

- Jo, men lufta kjem inn fortare enn kva viftene klarer ta unna. Det er heller ikkje sensorar alle stader som gir beskjed til viftene. Å ha dei store, tunge straumkrevjande viftene i gang heile tida, er svært kostbart.

- Dette er ikkje farleg?

- Nei, det er det ikkje. Dette er eit heilt vanleg naturfenomen som skjer ifrå tid til annan. Det farlege er viss ein ikkje avpassar farten etter forholda. Trafikksentralen overvakar situasjonen i Finnfast og gir oss tilbakemelding ein gong per døgn, fortel Fossåen.

SINTEF har på oppdrag av Statens Vegvesen kartlagt kondensproblema i norske tunellar og funne at 38 av desse er spesielt utsette, 31 vanlege tunellar og sju undersjøiske. Finnfast er på denne lista.

Oddbjørg M. Måland

Publisert: