Kva er gjort her etter kloakkvedtaket i 2005?

Finnøy kommune har spørsmål til Steinnesvåg kloakklag.

|
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Finnøy kommune skriv no eit brev til Steinnesvåg kloakklag i høve saka. Det blei i 2005 gjort eit kommunalt vedtak om å gi utsleppsløyve for leiligheitsbygg, kaihus/restaurant, samt alle eigedomane som har naturleg avrenning til Steinnesvågen.,

«Me syner til den avtalen som vart gjort mellom Steinnesvåg kloakklag og eigedomen gnr.12,bnr.7 i samband med delinga av denne eigedomen i 2 einingar i 2017. Frådelt parsell bnr.38 der hus er under bygging har fått avtale til å få kople seg til utsleppsleidningen som er eiga av kloakklaget. Innehavar av utsleppsløyvet er eigar av leiligheitsbygget», heiter det i brevet.

Steinnesvåg kloakklag har sitt utslepp innerst i Steinnesvågen, og Finnøy kommune meiner dette utsleppet  ikkje er tilkopla utsleppsleidningen som fører kloakken frå leiligheitsbygget og kaihuset ut på djupare vatn.

«Me ber difor om ein snarleg tilbakemelding om kva tiltak som er gjort av Steinnesvåg kloakklag for å følgje opp dette vedtaket. Me ønskjer også ein tilbakemelding på kva eigedomar som er tilknytt kloakklaget. Anlegget er pr. i dag ikkje registrert i kommunens eller det nasjonale registeret.»

Publisert: