Vil arbeida for Øyfast, dersom…

Øyposten har invitert alle parti til å skriva ein kronikk før valet. Tema skal vera kva politikk dei har spesielt for Finnøy og Rennesøy. Først ut er Arbeiderpartiet.

Finnfasteffekten har ikkje lete venta på seg. Trafikken har auka betydeleg sidan 1.juli. FOTO: Arkiv||
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Nye Stavanger – ein kommune for alle

,"Stavanger er oljebyen! Stavanger er sauebyen! Stavanger er tomatbyen! Kan alt dette vere sant på ein gong? Ja, det blir sant frå nyttår av! Då blir Finnøy og Rennesøy nye bydelar i Stavanger. Vi satsar på at det vil gjera noko med identiteten vår, både i byen og i dei to nye bydelane. For oss som bur i Finnøy og Rennesøy har Stavanger alltid vore

byen

med butikkar og kulturtilbod og arbeidsplassar, vi er vane med å bruka byen, og vi er glade i byen! For nokre siddisar er øyene våre kanskje mest assosiert med fritid og hytteliv? Vi vil jobba for at alle som bur i den nye kommunen, skal kunne identifisera seg med heile kommunen. Men det krev vilje til endring frå oss alle.

I programmet vårt for neste periode har Arbeidarpartiet eigne punkt som er særleg viktige for Finnøy og Rennesøy, men alle måla i programmet gjeld sjølvsagt for heile kommunen! Når vi skriv at vi vil arbeida for trivselen og kompetansen i barnehagen der barna dine går, gjeld det sjølvsagt for heile kommunen. Når vi vil sikra auka rammer til skolen slik at det blir nok lærarar, gjeld det sjølvsagt for heile kommunen. Når vi vil arbeida for aktivitet og trivsel og tryggleik i alderdommen, gjeld det sjølvsagt for heile kommunen.

Men vi har også mål som handlar om Finnøy og Rennesøy spesielt: Vi vil ha sterkare jordvern og leggja til rette for både store og små bruk, og vi vil sikra at kommunen har nok kompetanse til å ivareta både landbruks- og havbruksnæringane. Vi vil leggja til rette for teknologioverføring frå olje- og gassnæringa for å løysa utfordringar knytte til miljø og fiskehelse i oppdrettsnæringa. Vi vil ta vare på og utvikla område og signalbygg vi er stolte av, m.a. middelalderkyrkjene, og vi vil arbeida for å realisera Øyfast dersom det pågåande utgreiingsarbeidet gir grunnlag for det.

To mål må særleg poengterast: Vi vil sikra gode kollektivtilbod i Finnøy og Rennesøy, og vi lovar at tenestetilbodet ikkje skal svekkast i dei to nye bydelane etter kommunesamanslåinga. Det siste vil vere eit viktig «målepunkt» ved alle budsjettbehandlingar!

I valkampen løftar vi fram viktige saker for heile landet, saker som også vil påverka kvardagen til folk i dei to nye bydelane. Vi vil ha gratis skolemat! Forskarar ved Universitet i Agder har nyleg dokumentert at gratis skolemat er sosialt utjamnande. Noreg er no mest åleine i Europa utan skolemat. Vi vil kjempe for gode arbeidsplassar der folk bur, og vi vil at Stavanger skal vere ein aktiv tilretteleggjar både for modne og nye næringar. Vi må ta vår del av ansvaret for å redusera klimagassutsleppa. Stavanger kommune må gå føre med å ta i bruk klima- og miljøvenlege løysingar, og vi må stimulera verksemder og folk til å gjera det same.

Men vi treng stemma di for å gjennomføre det vi ønskjer! Vi er fem på arbeidarpartilista frå Finnøy og Rennesøy. Stem på oss i dette valet! Vi lovar å gjera vårt beste for alle som bur i den nye kommunen vår!"

Sølvi Ona Gjul, Ottar Sandanger, Christoffer Thorske Johnsen,

Roy Adsen, Arne Handeland

Arbeiderpartiets listekandidatar frå Finnøy og Rennesøy

Publisert: