Lokal bedrift  får 18 millionar i EU-støtte

Norwegian Lobster Farm har i lengre tid drive med forsking og utvikling på oppdrett av porsjonshummar.

Dagleg leiar i Norwegian Lobster Farm, Asbjørn Drengstig, smiler breitt over EU støtta til indutripiloten for hummaroppdrett . Det gjer også Høgre-toppane i Nye Stavanger, John Peter Hernes og Sissel Knutsen Hegdal. Foto: Jon Asgaut Flesjå|
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Nyleg kom gladmeldinga frå EU om at dei har fått heile 18 millionar kroner i støtte  til etablering av ein såkalla industripilot til kommersielt oppdrett av hummar i dei nyrenoverte lokala i det tidlegare Ryfylke Meieri på Judaberg.,

-Dette er eit veldig trongt nålauga å koma gjennom for å få støtte, noko også beslutningstakarane i EU påpeika, seier ein tydeleg stolt dagleg leiar, Asbjørn Drengstig til Øyposten. Onsdag føremiddag kunne han også gjera nyheita kjent for Høgre sine to kommunetoppar i Nye Stavanger, John Peter Hernes og Sissel Knutsen Høgdal, som saman med Finnøy sin listekandidat,  Nils Petter Flesjå, besøkte bedriftene Rognkjeksen AS, Norwegian Lobster Farm AS, og i tillegg fekk orientering om status for den mykje omtala Rogaland Havbrukspark som også har tilhald og er i ferd med å etablera seg i det same bygget.

Drengstig fortel at industripiloten er eit fullautomatisert og robotisert oppdrettsanlegg  og skal, som dei einaste i verda, produsera porsjonshummar der alle innsatsfaktorar vert kontrollert og optimalisert. Anlegget er basert på biologisk resirkulering av sjøvatn med reduserte utslepp til ytre miljø, og som bidreg til eit optimalisert vassmiljø og god dyrevelferd.

Så mykje meir enn dette vil ikkje Drengstig røpa på det nåverande tidspunkt, all den tid han også ynskjer å ta patent på den avanserte oppdrettsteknologien som no altså også EU har gitt si fulle støtte til.

-Dette blir veldig spanande, og er til stor inspirasjon i det vidare arbeidet med å få til kommersielt oppdrett av hummar. Oppdrett av rognkjeks er ein «enkel»  oppdrettsart, medan oppdrett av hummar er den mest kompliserte arten.Så Judaberg er nå sentrum for ein spanande og vid satsing innan havbruksbransjen i Noreg, smiler Drengstig mellom alle oppdrettskara. Nye og større oppdrettskar der millionar av rognkjeks boltrar seg, og snart er klare til å ta opp kampen mot lakselusa. Det samla miljøet på Judaberg ønskjer å etablera fleire knoppskytingar av nye teknologibedrifter og oppdrettsartar, for på den måten å  bidra til nye arbeidsplassar og næringsinntekter i storkommunen Stavanger, avsluttar Drengstig.

Jon Asgaut Flesjå

 

Publisert: