• B5ADDE56-F2F6-492B-93CE-7FCF45521003
    Bilde 1 av 1

Stortingspolitikar tek sommarjobb på oppdrettsanlegg

Han er både stortingspolitikar,medlem av finanskomiteen og sit som bystyrerepresentant i Stavanger.Til hausten stiller også 24 år gamle,Aleksander Stokkebø,til attval som Høgre sin kandidat til kommunestyret i Nye Stavanger.I sist veke tok han seg ein to dagars sommarjobb på Grieg Seafood sitt oppdrettsanlegg på Nordheimsøy i Sjernarøy for å gjera seg betre kjent med det lokale næringslivet i Finnøy.

-Som politikar er det viktig å koma seg ut for å besøka bedrifter og treffa folk i kvardagen.Men også for å sjå korleis den politikken som vi stortings-og kommunepolitikarar legg premissane for, verkar i praksis,seier Stokkebø.Berre i fjor besøkte den svært så unge høgrepolitikaren over 200 bedrifter og heile 50 utdanningsinstitusjonar.Sjølv om Stokkebø står på ein ukumulert 59.plass på Høgre si liste til kommunevalget,har han håp om gjenvalg og ein ny periode i det som då blir kommunestyret for Nye Stavanger