Gilberdal2

Spørsmål: Kan dette bli årets kjekkaste quiz?

Tomatquiz med Jan Erik Larssen, Oddvar Vignes og Tore Sevheim. Høyrest ikkje det ut som ein fin måte å starta Tomatfestivalen på??

Oddvar og Tore er svært dedikerte når det kjem til dette med quiz. Dei har stelt i stand jule- og påskequizar på Landahuset i fleire år og Tomatquizen vil truleg vere av nokolunde same slag. Det vil seie to omgangar med nokon faste innslag som «nytt frå vinterlandbrukskulen», «lev dei enda» og musikk, saman med ei rekke varierte spørsmål.

Likevel vil denne quizen bli noko utanom det vanlege. Ikkje berre er dette ein quiz for ei heilt spesiell anledning, men dei har dei jo også Jan Erik Larssen med seg, for å skape endå meir futt i det heile, i hovudteltet på parkeringsplassen framfor Coop. Så dersom du er 18 år eller eldre, veit du nå kvar du bør vera den kvelden. Du kan melde deg på som lag, men òg som enkeltperson og blir då satt på lag med andre.

I tillegg kjem Gilberdal (bildet) og skal krydre kvelden med musikalske innslag. Gruppa på tre, Øystein Gilje, Kjell Emil Berge og Tor Kjetil Espedal, starta opp i fjor og har saman  skreve eigne songar på norsk, men også sunge andre kjente songar. Dersom du ikkje har høyrt den nyaste songen deira «De gode dagene», bør du sjekke ut denne, for å få ein ny favoritt sommarhit. Ekstra kjekt er det også når eine artisten, Kjell Emil Berge, er finnøybu.