sommartorg

Laurdag blir det liv på torget på Judaberg

Det blir sommartorg på Judaberg laurdag 13. juli.

Ingen sommar utan Sommartorg.

– Det blir leik og aktiviteter for dei minste, som til dømes  stintefiske, pardishopping, kritteikning, spel og anna moro, fortel primus motor Tove Rosland på Kaihuset.

– Elles vert det sal av mellom anna spatilbod, filippinsk mat, barneklede,  handarbeid,  glaskunst,  tupperware og chilisjokolade – for å nevne noko. Me får også danseoppvisning av seniordanserane og  besøk av kaffivogn frå Rogaland kaffehus, så sett av datoen folkens!